
Cathrine gjev seg på dagen
Det førar til endringar i leiinga hjå Ulstein Group.
Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si, skriv selskapet i ei pressemelding. Kvar ho skal starta er framleis uvisst.
– Det blir nok først offentlig en gang på nyåret, sa Marti til Finansavisen.
No går tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.

Gunvor Ulstein har tidlegare vore konsernsjef i Ulstein Group i nærare 22 år og representerer tredje generasjon i det familieeigde konsernet.
Då ho gjekk av som konsernsjef i 2020, var det for å halde fram engasjementet sitt i Ulstein gjennom ulike styreposisjonar i konsernet og som styreleiar i Ulsmo, som er majoritetseigaren av Ulstein Group.
- Vi vil takke Cathrine for den innsatsen ho har lagt ned i Ulstein gjennom ni år, først som finansdirektør og dei siste tre åra som konsernsjef, og vi ønskjer henne alt det beste framover, seier Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group.
Les også:
-
– Ganske store aktører har meldt sin interesse
Ulsteins nye design reduserer kostnader og miljøavtrykk i havvindindustrien.
-
Dette blir det største X-BOW-skipet til no
Japanske Penta-Ocean Construction har gitt Ulstein Design & Solutions B.V., Rotterdam, oppdraget med å designe sitt nye tungløftsfartøy for installasjon av havvindfundament.
-
Sikra rekordstor ettermarknadskontrakt
Ulstein Design & Solutions AS har signert sin største ettermarknadskontrakt til no for kabelleggingsfartøyet «Orient Adventurer». Kontrakten med Dong Fang Offshore (DFO) omfattar både design og engineering, med bidrag frå fleire av selskapa i Ulstein.
-
Utrustingsarbeidet i gong for CSOV-skip til BS Offshore
Skroget til det første TWIN X-STERN havvindserviceskipet av typen Commissioning Service Operation Vessel (CSOV) til BS Offshore kom til Ulstein Verft den 18. desember 2024. Dette markerer oppstarten av utrustingsarbeidet for byggnummer 320 ved Ulstein Verft.
-
Store innsparinger med Ulstein-løsning
«Olympic Boreas» ble beskrevet som «firehjulsdrift på sjøen» da skipet vant prisen for Årets Maritime Innovasjon tidligere i år. Nå har rederiet hatt levering av «Olympic Notos» fra Ulstein verft.