Sikra rekordstor ettermarknadskontrakt
Ulstein Design & Solutions AS har signert sin største ettermarknadskontrakt til no for kabelleggingsfartøyet «Orient Adventurer». Kontrakten med Dong Fang Offshore (DFO) omfattar både design og engineering, med bidrag frå fleire av selskapa i Ulstein.
- Vi har jobba med Ulstein før og synest folka er veldig profesjonelle. Ulstein kjenner fartøyet godt, og det gir oss tryggheit å vite at alt vil fungere når vi skal i gong med ombygginga. Å velje Ulstein Design & Solutions gjer planlegginga og installasjonane mykje enklare; Det vil forkorte tidsplanen, og for oss er det avgjerande, saman med ei vellukka levering til kundane, seier DFO sin tekniske sjef, Grant Hermanus i ei pressemelding.
Skipet er eit ULSTEIN SX121-design frå Ulstein Design & Solutions AS, opphavleg levert som eit offshorekonstruksjonsskip, bygg nummer 300 frå Ulstein Verft.
Ved leveringa i 2014 var fartøyet utstyrt med eit Huisman VLS -tårn (vertikalt leggesystem), plassert i det potensielt framtidige kabelleggingsområdet.
Tidlegare i år har fartøyet vorte oppgradert med eit kabelleggingssystem for å utvide tenestene sine inn mot den veksande sektoren for fornybar havenergi.
Gjennom kontrakten på design og engineering vil «Orient Adventurer» gå gjennom ei omfattande ombygging. Tårnutstyret vil bli flytta til nye rom på hovuddekket, og A- og B-dekka.
Fartøyet vil også bli utstyrt med fundament for W2W gangvegsystem og ein 3000-tonns kabelkarusell frå Huisman.
Ombygginga skal vere ferdig i 2025 slik at fartøyet kan vere klart for operasjonelt arbeid i 2026.
Ulstein Design & Solutions AS har frå før også signert ein engineeringskontrakt på ein ny boligmodul for dette fartøyet.
Administrerande direktør Runar Muren i Ulstein Design & Solutions seier at denne milepålen ikkje berre er viktig for selskapet. Den store kontrakten synleggjer også Ulstein si aukande breidde og ekspertise innan ettermarknadstenester til den maritime sektoren.