Utrustingsarbeidet i gong for CSOV-skip til BS Offshore
Skroget til det første TWIN X-STERN havvindserviceskipet av typen Commissioning Service Operation Vessel (CSOV) til BS Offshore kom til Ulstein Verft den 18. desember 2024. Dette markerer oppstarten av utrustingsarbeidet for byggnummer 320 ved Ulstein Verft.
Ulstein Verft er glade for å ønske reiarlaget BS Offshore velkommen tilbake til skipsverftet.
Dette vert BS Offshore sitt første skip av designtypen ULSTEIN SX222.
Skrogankomsten markerer ein viktig milepæl i bygginga av dette toppmoderne fartøyet, som er designa for å støtte den veksande havvindindustrien.
SX222-designet har ei operasjonell yting og sjøeigenskapar som vil sikre at fartøyet tilfredsstiller høge standardar til effektivitet og tryggleik.
– Det som berre var ein signatur på eit papir for nokre månader sidan, tek no form, seier Matthias Müller, administrerande direktør i BS Offshore.
– Vi ser fram til å få dei nye og innovative offshorefartøya våre og har store forventingar når det gjeld eigenskapar som pålitelegheit, operasjonsevne og lav miljøpåverknad.
I dokkhallen
Skipet har no vorte plassert i dokkhallen, der det blir sikra og arbeidslys installert.
Etter dette startar ein omfattande innreiingsfase, som femner om installasjonane av elektriske og mekaniske system, røyrlegging, innreiing og systemintegrasjon.
Skroget er bygd ved Crist-verftet i Polen, og all skipsdesign og engineering er utført av fleire ulike Ulstein-selskap; Ulstein Design & Solutions AS, Ulstein Poland og Ulstein Verft.
– Vi har sett fram til å få skroget hit og gå inn i neste fase av dette nybyggingsprosjektet, seier Martinus Warholm, som er prosjektleiar ved Ulstein Verft.
– Det første fartøyet basert på dette designet vart levert sommaren 2024 og har vist rekordlågt drivstofforbruk medan det ligg på dynamisk posisjonering. BS Offshore vil få eit fartøy som representerer det siste innan maritim innovasjon og vil spele ei viktig rolle for dei i å støtte havvindoperasjonar.
Leveres sommaren 2025
Designtypen SX222 CSOV er utstyrt med toppmoderne teknologi, inkludert ei 3D-kompensert kran og ein gangveg, som sikrar trygg og effektiv person- og lastoverføring til vindturbinanlegga offshore.
Det som berre var ein signatur på eit papir for nokre månader sidan, tek no form
Matthias Müller, administrerande direktør i BS Offshore
Fartøyet har også eit dieselelektrisk framdriftssystem med stor batterienergilagring som reduserer miljøavtrykket betydeleg, og er førebudd for metanol som drivstoff.
Ankomsten av skroget er eit viktig steg mot ferdigstillinga av fartøyet, der første fase er utrustinga, før dei neste fasane med systemoppstart og testing.
Fartøyet er planlagt levert sommaren 2025, og skal då kunne yte støtte til havvindsektoren med innreiing for opptil 132 personar, både mannskap og klientar.
BS Offshore har tidlegare bygd tre havvindserviceskip ved Ulstein Verft. Bnr 320 og søsterskipet, bnr. 321, vil vere deira første med TWIN X-STERN.