Levert og klar for offshore energioperasjonar
Første av to er levert.
CSOV-skipet «Olympic Boreas» vart levert til Olympic av Ulstein Verft den 25.juli. Skipet er det første av to søsterskip, basert på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS, skriver Ulstein i ei pressemelding.
Olympic Boreas er designa med TWIN X-STERN og har ei hybrid kraftintegrasjonsløysing. Skipet har installert heistårn og gangveg, og har plass til 126 personar, der alle lugarane er i dagslys, går det fram i pressemeldinga. Innreiinga femner vidare om kontor, salongar og dagrom, to spelerom og eit treningsrom for å gjere skipet til ein 'heim-borte-frå-heimen'.
Skipet er nominert til Skipsrevyen sin pris Ship of the year.
Konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group framhevar godt samarbeid.
- Vi er stolte av å ta imot Olympic Boreas, eit innovativt og framtidsretta fartøy. Dette skipet er eit produkt av det gode samarbeidet mellom Ulstein og Olympic og styrken i den maritime klynga i vår region, og vil spele ei viktig rolle i våre framtidige operasjonar innan offshore energi. Vi ser fram til å bruke dette høgkvalitetsfartøyet for å fremje berekraftige, effektive, og sikre operasjonar i bransjen.
- Saman med Olympic har vi utvikla og bygd eit førsteklasses skip, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
- Vi har samarbeidd med Olympic på mange tidlegare prosjekt og er takksame for at dei nok ein gong valde Ulstein til dette innovative nybygget. Eg er stolt over at vi no har levert dette høgkvalitets, neste-generasjons skipet til offshore energiindustrien. Dette skipet vil reiarlaget ha glede av i mange år framover.
Dåpsseremonien til skipet vert arrangert den 27. juli.