Populært med nautikk i Haugesund
Bachelorutdanninga i nautikk med integrert praksis ved HVL er den første utdanninga i sitt slag i Noreg.
Ferske tal frå Samordna opptak viser at denne utdanninga er blant dei mest populære ved HVL, campus Haugesund.
Til saman står 104 på venteliste til studiet som har 38 plassar, skriv HVL i ei pressemelding.
- Dette er ei praksisnær leiarutdanning som gir kandidatane relevant jobb rett etter studiet. Å studere nautikk i den maritime byen Haugesund gjer at studentane får ei unik moglegheit til å vere i tett kontakt med det lokale næringslivet, seier Jens Kristian Fosse, dekan ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved HVL.
Tidlegare måtte studentane sjølv skaffe seg praksis i etterkant av studiet, men no er praksis tatt inn i studiet. Dei som vel dette studiet vil difor kunne gå direkte ut i jobb som styrmann etter fullført utdanning, utan å måtte gå vegen om kadettstilling, heiter det i pressemeldinga.