
To selskap ynskjer forlengja løyve på strekninga Geiranger- Hellesylt
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, i Møre og Romsdal, tilrår å seia ja i begge sakene.
Samferdselsutvalet skal behandla og avgjera to søknadar under møte 26. september.
The Fjords DA har sidan 2015 drifta kommersiell ferjerute på strekninga Geiranger-Hellesylt og har løyve ut kalenderåret 2025. Dei to siste åra har det i frå november til april vore eit offentleg ferjetilbod mellom Geiranger og Hellesylt (rasferja). Tilbodet har blitt avløyst av turistferja til The Fjords når denne startar sesongen, skriver Møre og Romsdal fylkeskommune.
The Fjords Da har søkt om om få driva ferjesambandet Geiranger- Hellesylt ut kalendaråret 2032. I søknaden skriv dei at dei har ambisjonar om å driva på heilårsbasis. Dei ynskjer å nytta dei gamle fjordferjene, men leggja til rette for nye energiberarar.
Forlengja
Cruise Service AS har drive sightseeing- og turistverksemd i Geiranger og Sunnmørsfjordane i fleire år. Selskapet vart tildelt ruteløyve på strekninga Geiranger-Hellesylt i juni 2022 og ut kalenderåret 2025.
No søker Cruise Service AS om løyve for persontransport med fartøy mellom Geiranger- Hellesylt ut kalenderåret 2032, skriv fylkeskommunen.
I søknaden opplyser selskapet at dagens ruteløyve med tidshorisont på tre år er for knapt til å forsvare bygging av nytt fartøy og vidare satsing i fjorden. Lengre løyveperiode vil gi selskapet større tryggleik for ei slik investering.
Vil kvitte seg med kai
Fylkeskommunedirektøren skriv i vurderinga av begge sakene at tildeling av ruteløyve ikkje vil vere ein einerett, noko som betyr at også andre aktørar som fyller formalkrava i lovverket kan tildelast løyve.
I tillegg er direktøren tydeleg på at situasjonen rundt ferjekaia på Hellesylt er endra. Samferdselsutvalet skal i det same møte behandle saka «Avhending av fylkesvegferjekai på Hellesylt», der fylkeskommunedirektøren innstiller på først å tilby Stranda kommune å overta både kaianlegget og fylkeskommunen sin eigardel i selskapet Hellesylt turist- og beredskapskai AS.
Dersom kommunen seier nei til å overta kaia, vil fylkeskommunedirektøren selje anlegget.
Les også:
-
Fra fisker til mannskapssjef på ti år
25-åringen har i løpet av sin karriere, som startet da han var 16 år, vært innom alt fra styrmann til kaptein. Nå har han ansvar for mannskapet.
-
Kongsberg Maritime får prisen Årets lærebedrift
Lærebedrifta tar inn lærlingar sjølv i dårlege tider, og lærlingane deira har høg gjennomføringsgrad og gode resultat.
-
Nedgang for Nordvestlandet – opptur for Bergen
Mens det i år er planlagt langt færre cruiseanløp på Nordvestlandet i år, ser Bergen mot en opptur i 2025.
-
Pilene peker oppover for Cruise Service
Med en økende omsetning, investerer Cruise Service i bærekraftige transportløsninger for å tilby unike opplevelser i Norges natur og kultur.
-
Peiker ut tre satsingar for grøn omstilling i Møre og Romsdal
Skal Møre og Romsdal lukkast med grøn omstilling må dei byggja på allereie sterke næringar og kompetanse, samarbeida systematisk og meir enn før.