EY presenterer rapporten. Frå venstre Harald M. Øystese, prosjektleiar Ingunn Aanes og Arne Hovdenakk.

Peiker ut tre satsingar for grøn omstilling i Møre og Romsdal

Skal Møre og Romsdal lukkast med grøn omstilling må dei byggja på allereie sterke næringar og kompetanse, samarbeida systematisk og meir enn før.

Publisert Sist oppdatert

Det er konklusjonen frå Ernst & Young (EY), som på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge har laga næringsanalysen «Grønt industriløft Møre og Romsdal». 

Analysen er ei kartlegging av regionale konkurransefortrinn, men også barrierar for ei grøn omstilling og -næringsutvikling i fylket.

– Det er under 2030 dager til 2030, då dei store utsleppskutta og eksportveksten skal vere realisert. Det er no det skjer! Møre og Romsdal må ikkje stå igjen på perrongen når toget går. Moglegheitsrommet er stort, og fylket må saman mobilisere for å løyse felles barrierar, skriv EY i rapporten.

Tysdag vart næringsanalysen lansert og overlevert til oppdragsgivarane. Meir enn 70 personar var til stades på NMK i Ålesund.

Eit fyrtårn for grøn industriutvikling

Fylkesordførar Anders Riise ønskte velkommen og sa at bedriftsbesøka og prosjekta som er løfta fram i rapporten, tydeleg viser at Møre og Romsdal har eit betydeleg vekst- og skaleringspotensial innanfor grøn omstilling.

– Gjennom djupneintervju, bedriftsbesøk og innspelsmøte har de gitt oss verdifull informasjon og innsikt. Dykkar innspel har vore uvurderlege for utviklinga av rapportane, sa Riise. 

Leiar av Innovasjon Norge Møre og Romsdal, Helge Gjerde, peikte på at rapporten berre er fase éin. Næringsjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune sa at eigarskapet og drivkrafta må ligge ute i verksemdene:

– Så skal vi alle samarbeide og støtte oppunder for å nå felles mål, sa Aspås.

Tre overordna mål

Grønt Industriløft Møre og Romsdal har tre overordna mål:

  1. Styrke grøne og sirkulære prosjekt med stort vekst- og skaleringspotensial.

  2. Vere ein katalysator for framvekst av grøne verdikjeder på tvers av sektorar.

  3. Akselerere den grøne omstillinga i næringslivet i Møre og Romsdal.

Rundt 70 personar var til stades på NMK under lanseringa.

Prosessen

I prosessen har EY fokusert på brei involvering av næringsliv og nøkkelaktørar og saman med Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge snakka med meir enn 100 aktørar rundt om i Møre og Romsdal.

EY peiker på tre satsingsområde for å sikre omstilling av nøkkelnæringar og ny verdiskaping:

  • Grøn maritim satsing: Ved å bygge på den sterke maritime verdikjeda, kan Møre og Romsdal realisere forretningsmoglegheiter innan grøn skipsfart, havvind og hydrogen

  • Biomarin satsing: Kombinerer Møre og Romsdal sine konkurransefortrinn og framveksten av nye artar, forretningsmoglegheiter og teknologi til å ta ein enda sterkare konkurranseposisjon

  • Sirkulære hubar: Dei første åtte sirkulære hubane er fordelt i hele fylket, og har utspring i prosessindustri, bionæring og marin næring

Tydelege på barrierane

EY er i næringsanalysen også tydelege barrierane. Møre og Romsdal må løyse fire hovudutfordringar for å lykkast med innovasjonsprosjekta og for å akselerere omstillinga:

  • Tilgang på kraft og nett er den største barrieren for omstilling og ny verdiskaping.

  • Omstilling krev kapital, og kapitalmarknaden er i endring for å støtte omstillinga.

  • Møre og Romsdal må sikre nok kompetanse til næringslivet i den grøne omstillinga.

  • Det er sett av store areal til næring, men det manglar ein heilskapleg plan for prioritering og tilrettelegging av næringsareal.

Her kan du lesa rapporten.