Kongsberg Maritime får prisen Årets lærebedrift
Lærebedrifta tar inn lærlingar sjølv i dårlege tider, og lærlingane deira har høg gjennomføringsgrad og gode resultat.
Lærebedrifta tar inn lærlingar sjølv i dårlege tider, og lærlingane deira har høg gjennomføringsgrad og gode resultat. Derfor får Kongsberg Maritime avd. Brattvåg prisen Årets lærebedrift 2024, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Grunngivinga frå juryen er solid arbeid med lærlingar over tid, eit godt læringsmiljø, høg gjennomføringsgrad og etterleving av regelverk og dokumentasjon.
Rune Longva, plassjef i Kongsberg Maritime AS, seier dei er stolte av utmerkinga og av anerkjenninga som ligg i tildelinga.
– Vi har over ein lengre periode hatt eit veldig godt samarbeid med NÅOPP (Nordre Ålesund Opplæringskontor), noko som har resultert i ei veldig god oppfølging og utvikling av lærlingane våre. Denne utnemninga er eit bevis på innsatsen og engasjementet til heile teamet vårt og ei anerkjenning av arbeidet vårt med å utvikle nye fagarbeidarar i fylket. Vi ser fram til å fortsette arbeidet vårt med å utvikle fremtidensframtidas fagarbeidarar her hos Kongsberg Maritime AS, seier Longva.
Fagleg og personleg utvikling
Det var opplæringskontoret Nåopp som nominerte lærebedrifta til prisen. I nominasjonen peiker dei blant anna på den gode oppfølginga dei gir lærlingane:
– Gjennomføringsgraden er høg, og det er svært gode resultat på fagprøvane. Høg gjennomføringsgrad er resultat av god oppfølging av lærlingane. I samarbeid med opplæringskontoret blir det gjennomført jamlege oppfølgingsmøte der fagleg og personleg utvikling er tema. God oppfølging og interne planar gir god oversikt.
Kongsberg Maritime AS er ei av dei store lærebedriftene, og sidan 2010 har ca. 70 lærlingar gjennomført opplæringa si i bedrifta. Også i tider med mindre arbeid har bedrifta tatt inn lærlingar.
– Lærlingane gir uttrykk for at dei trivst godt og blir tatt godt vare på i Kongsberg. Det er få hevingar av lærekontraktane, skriv Marit Håhjem Volstad, dagleg leiar i opplæringskontoret, i nominasjonen.
Brattvågbedrifta vart kåra til Årets lærebedrift, i konkurranse med 26 andre nominerte bedrifter. Totalt er det 1455 godkjente lærebedrifter i fylket. I fjor gjekk prisen til Christie Opsahl AS i Molde.