Slik vil MGC-ane sjå ut.

Fekk 180 millionar til ammoniakkprosjekt

Amon Maritime lanserer eit nytt føretak, Amon Gas, med investeringsstønad på 180 millionar kroner frå Enova.

Millionane frå Enova skal brukast til å byggja ammoniakkdrivne gasstankarar (MGC). 

– Dette er ein betydeleg milepåle mot å realisera karbonfrie transportsystem innanfor gasskipsegmentet. Amon Gas vil tilby marknaden lågutslepps-fartøy samstundes som kundekrava vert oppfylt med innovative løysingar, seier André Risholm, administrerande direktør i Amon Maritime.

Amon Gas siktar mot ein serie av nybygg som startar med to faste bestillingar av ammoniakkdrivne MGC-ar, med mål om å vera i drift innan 2028. Skipa er designa for å bruka ammoniakk som drivstoff, både for framdrift og energiforbruk, også når dei transporterar flytande petroleumsgass (LPG) som last, og dei inneheld dei beste energisparetiltaka, går det fram i pressemeldinga. 

F.v. André Risholm, Steinar Kostøl, Nils Kristian Nakstad, dagleg leiar i Enova.

MGC er ein stor fartøytype med høg drivstofforbruk. Berekningane av karbonutslepp gjev ei estimert reduksjon på 87 prosent samanlikna med konvensjonelle fartøy frå starten av drifta, med ambisjonar om ytterlegare reduksjonar mot 100 prosent, skriv dei. 

– Om ammoniakk er framtidas drivstoff vil det føra til høgare vekst i sjøtransporten av ammoniakk. Dette vert primært transportert på MGC-ar i dag. Om skipet transporterar ammoniakk kan ein unngå høna og egget- dilemmaet med å gjera bunkring tilgjengeleg, då stoffet allereie er lasta om bord. Fordi skipet allereie er designa for å transportera ammoniakk vil dei relative tilleggskostnadane i dette segmentet samanlikna med konvensjonelle skip vera mindre enn dei fleste andre segment, seier teknisk direktør i Amon Maritime, Steinar Kostøl.