Solstad Offshore med effektive sparetiltak
«Normand Vision» har spart store mengder drivstoff på veg attende frå vest-afrika.
Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet.
- Gjennom utmerka samarbeid med vår samarbeidspartnar Ocean Installer, god planlegging, eit proaktivit mannskap og god leiing på land har skipet spart 150 ton drivstoff på denne turen åleine.
I pressmeldinga skriv dei at dette tilsvarar omlag 1,5 million kroner og 480 tonn CO2. Dette er det same som 200 personbilar i eitt år.
Jobba aktivt
På turen han mannskapet jobba aktivt med vêr og forholda på sjøen for å finna den optimale gjennomsnittshastigheita. Den enda på 9,7 knop på den 5000 nautiske mil lange turen, men var nokre gonger nede på 8 talet.
Dette føyer seg inn i ei rekke tiltak som går under "Solstad Green Operations" Eit tiltak som starta i 2010, som handlar om å gjera enkle tiltak på dagleg basis for å minimera utslepp.
Mindre fart
I 2023 har dei fokusert på å senka farten når det er mogleg, spesielt på lange reiser.
- Av og til kan me oppleva utfordringar med å kombinera prosjekt og operasjonar i lav hastigheit, men ofte ser me at dette kan gjerast utan store utslag for dei operasjonelle planane, samstundes som me har betydleg mindre utslepp, seier berekraftssjef, Tor Inge Dale.
Les også:
-
Resultatet har gått kraftig ned - peiker på restrukturering
Likevel er marknaden i deira favør, og ordreboka fyller seg.
-
Nok eit Solstadskip landar kontrakt inn i 2030
CSV «Normand Ocean» skal jobba for Prysmian Powerlink Srl.
-
Lander kontrakter for 2,6 milliarder
Solstad Offshore melder i en børsmelding om kontrakter med brasilianske Petrobas for 2,6 milliarder kroner.
-
Skal oppgradere Solstads «Normand Sentinel»
Subsea-fartøyet «Normand Sentinel» skal gjennom en betydelig energieffektivisering og skal oppgraderes med Kongsberg Maritimes elektriske rim-drive azimuth thrustere. Med det kuttes utslippene med opp mot 40 prosent i tunge operasjoner.
-
Tapte pengar i første kvartal
Solstad Offshore har lagt fram resultat frå første kvartal.