Resultatet har gått kraftig ned - peiker på restrukturering

Likevel er marknaden i deira favør, og ordreboka fyller seg.

Publisert

Solstad sine selskap har lagt fram sine resultat i andre kvartal.  I kvartalsrapporten skriv dei at Solstad Offshore har signert fleire kotnraktar dette kvartalet og har ein ordreinngang på 2,6 milliardar kroner, medan Solstad Maritime har signert for 4,1 milliardar. Det vert peika på at det er mangel av fartøy i marknaden, og difor held trender med lange kontraktar held fram. 

I andre kvartal fekk til dømes CSV «Normand Ocean» ein femårskontrakt med to år opsjon. Skipet er allereie på ein kontrakt har no arbeid fram til 2034.

Total flåteutnyttelse av både Solstad Offshore og Solstad Maritme var 85 prosent, men dei ser for seg at dette vil betra seg i dei komande kvartala. Årsaken er at det har vore gjort vedlikehaldsarbeid i andre kvartal.

Kvartalsrapporten syner eit resultat for Solstad Offshore før skatt på 6,94 millioner mot 174 millionar året før. Driftsresultatet landa på 189 millionar mot 630 millionar. 

Driftsinntekten er ned frå 1,9 milliardar til 746 millionar. 

Reiarlaget peikar på at variasjonen skuldast at Solstad Maritime vart skilt ut av konsernet i starten av året.

Solstad Maritime hadde eit driftsresultat på 1,5 milliardar, og eit resultat før avskrivingar på 799 millionar.