Nok eit Solstadskip landar kontrakt inn i 2030
CSV «Normand Ocean» skal jobba for Prysmian Powerlink Srl.
I ei børsmelding skriv Solstad Offshore at denne kontrakten gjer at vil fartøyet vera på fast kontrakt med Prysmian til 2032, med opsjon på to år.
CSV «Normand Ocean» skal støtta installasjonar av straumkabelsystem på Prysmian globale prosjekt. Kontrakten startar i løpet av første eller andre kvartal 2027 og varar til 2032. Om opsjonane vert nytta vil «Normand Ocean» vera kontrahert av Prysmian til 2034.
«Normand Ocean» er bygd i 2014 og er eit avansert DP2 undervass-konstruksjonsfartøy utstyrt med ei 150-tonns aktiv tungt kompensert undervass-kran. Fartøyet er ein effektiv arbeidsplattform for ulike krevjande offshore-aktivitetar.
«Normand Ocean» er eigd av Solstad Maritme AS, der Solstad Offshore ASA har ein eigardel på 27,3 prosent.
Lange kontraktar
I børsmeldinga går det fram at det ikkje berre er «Normand Ocean» som har ein lang kontrakt med Prysmian. Også «Normand Pacific» er på fast kontrakt med selskapet til slutten av 2030.
– Me er glade for å kunngjera ein ny langsiktig kontrakt med Prysmian, som utvidar vårt partnarskap med selskapet som startar tilbake i 2016. Både «Normand Ocean» og «Normand Pacific» spelar viktige roller i den pågåande energiovergang, der Solstad har eit stor og veksande nærvær, seier administrerande direktør i Solstad Offshore, Lars Peder Solstad.
I børsmeldinga går det fram at Solstad auka sine driftsinntekter frå fornybar energi offshore med 65 prosent til 1,76 milliardar, samanlikna med året før.