
Fiskefartøy traff botn - skal ikkje gjera det same igjen
Den 14. oktober var fiskefartøyet «Storeknut» uheldig på veg attende frå eit fiskefelt nord om Lofoten. Ved innsegling til Verøy var fartøyet nede i botn.
Fartøyet vart fortøydd ved lossekai like etter. Det vart so inspisert med ein gong, både innvendig og utvendig. Ingen lekkasjar vart oppdaga.
I Verøy var det ikkje mogleg å få ein dykkar til å sjå på dette. Fartøyet fekk difor dispensasjon til å få dykkarar til å sjå på dette i Svolvær.
Redningsselskapet stilte med dykkar då dei ankom kaien i Svolvær. Bunnbesiktelsen vart gjort og dei fekk video av det. Videoen vart gått gjennom i samband med DNV, og dei fekk pålegg om å utbetra skadane innan 1,5 månad.
Skaden omfattar om lag fire kvadratmeter midtskips på styrbord side, under vasslinja. Omlag under slingrekjøl, står det.
Dei fekk dispensasjon til å halda fram som vanleg i 1,5 månad, står det i ulukkesrapporten. Dette vart stadfesta av Sjøfartsdirektoratet sin vakttelefon 16- oktober omlag 19.30.
Ingen vart skadd under hendinga, men fartøyet fekk seg ein skade.
Fartøyet «Storeknut» vart bygd i 1996, er 70,6 meter langt og 13,6 meter breitt.
Under årsak skildarar innsendar av rapporten at det var trang innsegling der låg fart var naudsynt. Straum og vind måtte hensynstakast, noko som resulterte at ein kom for nær land.
Før inngegling var det risikovurdert muntleg av bruvaktbesetninga.
Det er sett i verk tiltak for å unngå denne situasjonen igjen, og den er å ikkje gjera den same inseglinga, med lasta båt, på natta, når det er straum og kuling.
Les også:
-
Sterk vind sendte servicebåt på grunn
Servopumpen startet ikke som den skulle da «AQS Trym» skulle forlate en flåte i kraftig vind. Sekunder senere traff fartøyet land.
-
Slutt på plastkort – nå blir sjøfolkenes sertifikater elektroniske
Sjøfartsdirektoratet tar et viktig skritt mot en mer moderne og bærekraftig fremtid ved å slutte å sende ut plastkort for personlige sertifikater. Fra nå av vil alle sertifikater være tilgjengelige elektronisk gjennom appen «NMA Seafarer» og på «Min side sjøfolk».
-
«Kaja» sank – Språkproblemer gjorde redningen vanskelig
4. mars i år ble redningsskøyta «Reidar Von Koss» utkalt etter at det ble meldt om et fartøy med problemer utenfor Finnmark. Språkproblemer gjorde aksjonen vanskelig.
-
Sender ny forskrift om mindre lasteskip på høring
Sjøfartsdirektoratet sender i disse dager utkast til ny forskrift om bygging, utrustning og tilsyn av mindre lasteskip ut på høring.
-
Nær 6000 tilsyn i 2024: – Arbeidsmiljø stadig viktigare
Sjøfartsdirektoratet gjennomførte nær 6000 tilsyn i 2024, der arbeidsmiljø var eit viktig tema. Inspektørane har særleg sett på psykososiale forhold, mobbing og trakassering for å skape merksemd og motivasjon for eit betre arbeidsmiljø om bord.