Alf Tore Sørheim, konstituert sjøfartsdirektør, Marianne Warvik, fagkoordinator for arbeids- og levevilkår og Thomas Angell Bergh, fungerende avdelingsdirektør for operativt tilsyn.

Nær 6000 tilsyn i 2024: – Arbeidsmiljø stadig viktigare

Sjøfartsdirektoratet gjennomførte nær 6000 tilsyn i 2024, der arbeidsmiljø var eit viktig tema. Inspektørane har særleg sett på psykososiale forhold, mobbing og trakassering for å skape merksemd og motivasjon for eit betre arbeidsmiljø om bord.

– Vi samarbeider med næringa for å sikre at sjøfolk har ein trygg og god arbeidsplass. Mange tek dette på alvor, men det er framleis ein veg å gå for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø utan mobbing og trakassering, seier konstituert sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim i ei pressemelding.

Dei 5916 tilsyna i 2024 omfattar blant anna 2241 sertifikatinspeksjonar, 593 dokumentkontrollar, 497 umelde fartøytilsyn, 467 bemanningstilsyn og 332 MLC-tilsyn (Maritime Labour Convention).

I tillegg vart det utført 105 WFC-tilsyn (World Fishing Confederation) i fiskeflåten og fleire andre kontrollar knytt til tryggleik og arbeidsvilkår. Mange av tilsynsfunna har resultert i pålegg for å sikre betre arbeids- og levevilkår for sjøfolk.

5916 tilsyn i 2024 er nokre færre enn i 2023 (5965 tilsyn) og 2022 (6005 tilsyn), men fleire enn i 2021 (5497 tilsyn).

Fleire tilsyn og pålegg

For å sikre gode arbeidsvilkår vart det gjennomført 332 MLC-tilsyn i 2024. Desse resulterte i 695 pålegg. I fiskeflåten vart det gjennomført 105 WFC-tilsyn med 228 pålegg.

Rederi og fartøy skal ha rutinar for å førebyggje og handtere diskriminering og trakassering. Inspektørane har avdekka fleire manglar, noko som har ført til pålegg.

Tilsyna viste også brot på kviletidsreglar, manglande arbeidskontraktar og dårleg dokumentasjon på verne- og miljøarbeid.

Auka innsats for betre arbeidsmiljø

Sjøfartsdirektoratet har forbetra sjekklistene for tilsyn og styrkt opplæringa av inspektørar, med ekstra fokus på kviletidsbrot, psykososialt arbeidsmiljø og mangfald.

– Me har styrka skipsleiinga sin kompetanse på systematisk arbeidsmiljøarbeid. Inspektørane har ikkje berre kontrollert, men også skapt dialog, seier fungerande avdelingsdirektør for Operativt tilsyn, Thomas Angell Berg.

Direktoratet har også tilsett ein fagkoordinator for arbeids- og levevilkår for å følgje opp tilsyn og styrkje oppfølginga av arbeidsmiljø.

– Eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for tryggleiken om bord. Me vil halde fram med risikobaserte tilsyn og tettare oppfølging av arbeidsvilkår, seier fagkoordinator Marianne Warvik.

Enklare å varsle

For å gjere det enklare for sjøfolk å varsle om kritikkverdige forhold, har direktoratet oppretta ei «Tips oss»-kanal på nettsida.

I 2024 kom det inn 317 bekymringsmeldingar, mellom anna 45 om kviletid, 25 om manglande kvalifikasjonar og 20 om mobbing og trakassering.

Ei faggruppe vurderer meldingane kvar veke og avgjer vidare tiltak.