
SEAM vart kåra til årets partnar
Prisen får dei for deira bidrag til utvikling av grøne teknologiløysingar.
I grunngjevinga går det fram at dei har bidrege til utvikling av ei rekke låg- og nullutsleppsfartøy i drift i norske farvatn.
SEAM utviklar og integrerar hybrid-batteri og hydrogenteknolgi.
- På vegne av SEAM ynskjer eg å takka juryen for denne anerkjenninga, og våre partnarar innan klyngja for eit flott samarbeid. Maritime CleanTech består av ei inspirerande gruppe selskap som jobbar saman for å realisere viktig utvikling i bransjen, påverka politikarane våre til å ta konkrete skritt mot avkarbonisering, og utfordre kvarandre til å tenkja annleis. Me er meir motiverte enn nokon gong for å fortsetja vårt arbeid med å fremja reine og berekraftige teknologiar i maritim industri, seier dagleg leiar i SEAM, Gunvald Mortvedt.

SEAM har mellom anna levert teknologi til verdas første ferje drive på flytande hydrogen, MF «Hydra», men òg levert kraft- og automasjonssystem for nulltusleppsfartøya «Future of the Fjords» og Ryger «Elektra», samt løysingar for Oslo- Nesodden ferjene og ladesystem i Gudvangen.
Prisen vart delt ut under Maritime Cleantech sin årskonferanse “Chasing Zero”. Prisen er på 100.000 kroner, og skal stimulera grøn innovasjon gjennom samarbeid.
- SEAM leiar an i elektrifisering og implementering av nye grøne energiberarar om bord i skipsfarten. Det syner at samarbeid i heile verdikjeda er nøkkelen til å lukkast med den grøne omstillinga, og dei er ivrige etter å dele kunnskapen sin for å bringa bransjen som ein heilskap framover. Dette er avgjerande når ein utviklar nye teknologiar for ein umoden marknad, seier Maritime CleanTech-direktør, Ada Jakobsen.
- Prisen annerkjenner SEAM sitt betydelege bidrag til realiserte prosjekt, og understreker viktigheita av å ta velukka, grøne teknologiprosjekt til marknaden, seier konserndirektør i Sparebanken Vest, Margunn Minne, som stod for det økonomiske bidraget.
Framover har SEAM fleire nye prosjekt som mellom anna inkluderar systemleveransar for Torghatten Nord sine hydrogenferjer i Vestfjorden, samt Amogys demonstrasjonsprosjekt i New York, der ein gamal taubåt skal drivast av hydrogen gjennom spalting av ammoniakk.
- 2024 byr på mange spanande milepålar i utviklinga av nye, grøne teknologiar og løysingar. Me ser fram til å fortsetja samarbeidet med våre partnarar for å utfordra grenser og koma nærare ein framtid utan utslepp, seier Mortvedt.
Les også:
-
Får 90 millioner fra EU: Skal utvikle kraftsystemer for fremtidens grønne skip
Dagens skipsflåte står for store utslipp, og har tunge kraftsystemer som ikke er tilpasset fornybar energi. Nå gir EU 90 millioner kroner til et norskledet prosjekt for å løse disse utfordringene.
-
Nye ladetårn revolusjonerer maritim elektrifisering
Seam og partnere har installert seks MCS-ladetårn i Norge, som muliggjør lynrask lading av hurtigbåter og ferger.
-
Får 86 millioner for å redusere støy fra skip
Støy fra skip utgjør en betydelig trussel for livet under vann. Med EU i ryggen skal norsk maritim industri nå ta fatt på utfordringen.
-
SEAM kjøper Austevoll Elektro
SEAM annonserer onsdag oppkjøpet av Austevoll Elektro AS.
-
Mange norske bedrifter involvert i nytt hydrogenfartøy i Paris
Norsk maritim næring var sterkt representert da Frankrikes første hydrogenfartøy ble døpt i Paris tirsdag.