Skal levera båt til havvindmarknaden
Det er gode tider for Mare Safety, med stor aktivitet og full produksjon i lokala på Osnes i Ulsteinvik.
I desse dagar er ein ny arbeidsbåt av typen DC12WM ferdigstilt og klar for overlevering til havvindmarknaden, går det fram i ei pressemelding.
- Dette er veldig kjekt for oss. Arbeidsbåten er den andre i rekka, som me på vegne av Rem Wind leverer til skipsverftet Vard Vung Tau i Vietnam. Båten skal installerast på eit av Rem sine nye konstruksjonsstøttefartøy der (CSOV) i løpet av våren 2024, seier Torstein Teigene, salssjef i Mare Safety.
Desse skipa blir bygde for å støtte konstruksjon og vedlikehald av havvindmølleparkar. Salssjefen har berre lovord å kome med om båten som no er overlevert.
– Mare DC12WM er ein spesialbåt tilpassa transport av mannskap og utstyr mellom CSOV og vindmøllturbinar. Båten blir mellom anna levert med eit komplekst eksosreinsesystem, som gjer at den oppfyller dei strenge utsleppskrava EU no har pålagt skipsindustrien (Tier III).
Konkurransedyktig og kvalitetsikker
Det er J. Weiberg Gulliksen i Ålesund som har utvikla reinsesystemet, i tett samarbeid med Mare, står det i pressemeldinga.
- Dette er me særs stolte over å ha fått til, seier dagleg leiar, Are Garshol.
- Systemet fantes ikkje på marknaden frå før, så då måtte me designe det sjølve. JW Gulliksen er vår solide samarbeidspartnar over fleire år. Dei kjenner oss godt, og då behovet og kravet frå EU meldte seg, var dei snare til å utvikle ein prototype me kunne bruke.
Nøgd med oppdraget
Harald W Gulliksen, salssjef i firmaet, er også veldig fornøgd med oppdraget.
– Me har levert reinsesystemet til to av Mare sine DC12WM båtar, og heile prosjektet og implementeringa har gått smertefritt. Faktisk er me den einaste leverandøren som kan levere dette systemet, og me er glade for at me har klart å tilfredsstille kunden sitt behov, slik at dei igjen kan levere ein konkurransedyktig og kvalitetssikker båt.
- Her er det også viktig å nemne at denne arbeidsbåten er fullspekka med spesialutstyr, som gjer den enda betre rusta i havvindsegmentet, skyt Teigene inn.
- Mellom anna har me installert eit vaskesystem for vindmøllefundament, samt ein gyrostabilisator for å halde båten stabil under dei verste forhold. Dermed har båten ein større fleksibilitet og kan operere i dei fleste vêrutsette områda.
Den maritime klynga skapar innovasjon
I pressemeldinga går det fram at Mare Safety dei siste åra har jobba målretta mot å bli den føretrekte leverandøren av spesialbåtar til vindmarknaden.
Denne bransjen stiller ekstraordinære krav til ytelse og haldbarheit, skriv selskapet. Torstein meiner modellen Mare DC12WM tilfredsstiller og utmerkar seg som eit kvalitetsprodukt her.
– Gjennom konstruktive tilbakemeldingar frå kundane våre har me etterkvart skapt eit produkt som stiller i særklasse i dette segmentet. Det er gledeleg å sjå at arbeidet me har lagt ned gir resultat, og at denne kontrakten med Vard, saman med andre leveransar innanfor dette segment, stadfestar Mare Safety sin anerkjente posisjon som leverandør av arbeidsbåtar til havvind, poengterer Torstein.
- Ja, me er heldige som har den framoverlente gjengen i Rem Wind med på laget. Dei kjem med ønske om eit produkt som ikkje eksisterer, og utfordrar oss på krav som ligg høgare enn det våre konkurrentar innfrir. Det likar me. For dette gjer oss til ein attraktiv leverandør i marknaden, seier Garshol.
- Denne båten er eit prakteksempel på kva «den maritime klynga på Sunnmøre» faktisk er. Samspelet vi har med dei dyktige folka i Rem Wind som kunde, løysningsorienterte Gulliksen som underleverandør, og oss som innovative båtbyggjarar, er nettopp det som skapar innovasjon, avsluttar Torstein Teigene.
Les også:
-
Ny kontrakt i ny marknad for Mare Safety
Mare Safety har nyleg signert kontrakt på bygging av ein 15 meter spesielt tilpassa båt for havbruksnæringa. Oppdragsgjevar er det Rørvik-baserte reiarlaget, Emilsen Sjøservice AS, som er ein del av Emilsen gruppa.
-
– På tide å satse på mer enn én sjøhest
Det har kommet en benchmark for hva flytende havvind vil koste i Nordsjøen: Vårgrønn vant budrunden med et prosjekt som ligger 80 kilometer utenfor Skottland og Green Volt-prosjektet blir Europas første flytende havvindpark i kommersiell skala. Kjernekraft-pådriveren Jonny Hesthammer, reagerer.
-
Inngår utdanningsavtale i Sør-Korea
Deep Wind Offshore og Høgskulen på Vestlandet (HVL) inngår samarbeid med den koreanske Jeollanam-do provinsen og to ledende maritime universiteter i Sør-Korea.
-
Har fått overlevert «Edda Goelo»
Astilleros Balenciaga har overlevert «Edda Goelo» til Edda Wind. Overleveringen skjedde like før påske.
-
Ulstein med vind i seilene
2022 skulle bli året der alt snudde for Ulstein Group, etter flere år med motvind.