Mare PW15

Ny kontrakt i ny marknad for Mare Safety

Mare Safety har nyleg signert kontrakt på bygging av ein 15 meter spesielt tilpassa båt for havbruksnæringa. Oppdragsgjevar er det Rørvik-baserte reiarlaget, Emilsen Sjøservice AS, som er ein del av Emilsen gruppa.

Det nye designa får namnet Mare PW15, og er basert på konstruksjonen til det marknadsleiande og fleksible fartøyet Mare DC15, heiter det i ei pressemelding.

– Dette er eit solid skrog som er designa for å kunne operere i ekstreme forhold, og kan tilpassast ulike formål. Eigenskapane passar godt blant anna som redningsbåt, arbeidsbåt, patruljebåt og personaltransport, fortel salssjef i Mare Safety, Torstein Teigene. – Og, no også innan havbruk.

Skreddarsydd for maksimal funksjonalitet

Salssjefen er stolt over nytt oppdrag i ein ny marknad, men er tydeleg på at for å kunne levere eit best mogleg produkt, uansett kunde eller marknad, er Mare Safety avhengig av eit tett samarbeid med oppdragsgjevar. 

– Vi er gode på skrogkonstruksjon og bygging av båt, men for å designe den optimale båten tilpassa kunden sitt behov, treng vi tett dialog for å vite korleis dei ønsker å bruke den i det daglege. Dette har vi hatt med Emilsen! Kommunikasjonen her har vore svært god, og saman har vi skapt eit sluttprodukt med maksimal funksjonalitet, seier Torstein fornøgd.

Påtroppande dagleg leiar i Emilsen Sjøservice AS, Ila Emilsen og prosjektleiar Øyvind Horn, saman med Torstein Teigene i Mare Safety.

Fleksibilitet og samarbeid

Kunden er også veldig fornøgd.

– Vi er imponerte over kor lydhøyre Mare Safety har vore i denne prosessen, deira fleksibilitet og korleis dei har tilpassa designa etter våre behov. No får vi ein båt som er perfekt for vårt arbeid i havbruksnæringa, og som vil bidra til å styrke vår posisjon innan ROV-segmentet, skryt Øyvind Horn, prosjektleiar i Emilsen Sjøservice.

Både han og Torstein gler seg til at båten skal ferdigstillast og overleverast hausten 2025.

Torstein takkar Øyvind for oppdraget. 

– Dette har vore ein kjekk og lærerik prosess for oss. Med Mare PW15, vil Emilsen no få ein skreddarsydd båt for den jobben dei skal utføre. Den vil mellom anna bli utstyrt med overbygg, kran, vinsj, ROV-verkstad og -kontrollstasjon, to mannskapslugarar, dagrom, fullt utstyrt bad og ei romsleg og oversiktleg bru.

Kvalitet med fokusert tilnærming

Mare Safety har levert kvalitetsbåtar til ei rekke ulike marknadar, og dagleg leiar i Mare Safety, Are Garshol, fortel at dei heile vegen har vore bevisste på sin strategi; ei fokusert tilnærming til nøye utvalde bruksområde. 

– Denne tilnærminga har vore basert på at vi skal byggje på den ekspertisen vi har, og utvikle denne grundig over tid. Vi starta med redningsbåt-marknaden, og er no å rekne som ein av dei leiande aktørane her. Så har vi jobba oss inn i offshore vind, der vi over nokre år har etablert oss som ein føretrekt leverandør av støttefartøy (Daughter Crafts) for mange av SOV-/CSOV-fartøya som har vorte bygd både lokalt og internasjonalt, til vindindustrien. No har vi valt å fokusere på havbruksnæringa, og denne kontrakten med Emilsen Sjøservice viser at vi kan både levere produkt som kunden vil ha, og vere konkurransedyktige på pris, også innanfor denne næringa. Dette lovar bra for framtida til Mare Safety, avsluttar Garshol.