
Kan bli innstillingar eller forseinkingar på sambandet
Hovudfartøyet i sambandet Brattvåg–Dryna, MF «Haram», skal på eit planlagd verkstadopphald.
Det er derfor sett inn reservefartøy fram til tysdag neste veke. Dette kan gjere at det blir innstillingar eller forseinkingar dersom veret tilseier at det er naudsynt, skriv FRAM i ei pressemelding.
Årsaka til at FRAM og Torghatten Nord ber trafikantane om å vere førebudd på at det kan bli innstillingar eller forseinkingar, er at reservefartøyet er sertifisert for fartsområde 2.
Dette er i tråd med kontraktskrava, sidan ferjesambandet Brattvåg–Dryna ligg innanfor fartsområde 2. Det er likevel slik at området sambandet går i, ligg tett opp mot grensa til fartsområde 3, som har andre krav til sertifisering av fartøyet. Hovudfartøyet MF «Haram» er sertifisert for fartsområde 3, og har av og til kryssa over i det andre området når forholda tilsa at det var naudsynt for å oppretthalde rutetidene.
Det kan ikkje reserveferja gjere.
– Viss veret held seg bra framover, er det godt mogleg at rutetilbodet ikkje vil bli påverka av at det går eit reservefartøy i sambandet. Men sidan vi er på ei tid av året då det kan vere litt vind og sjø, vil vi gjerne gjere trafikantane førebudde, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar for drift i FRAM.
– Både FRAM og Torghatten Nord vil sjølvsagt at ferja skal gå som normalt og at rutetidene skal oppretthaldast. Det ligg alltid gode faglege vurderingar bak ei avgjersle om å innstille avgangar eller avpasse farta til vêrforholda eller annan trafikk i leia, seier han.
Les også:
-
Kongsberg Maritime får prisen Årets lærebedrift
Lærebedrifta tar inn lærlingar sjølv i dårlege tider, og lærlingane deira har høg gjennomføringsgrad og gode resultat.
-
Krev at regjeringa ryddar opp
I ein uttale krev eit samla fylkesutval at regjeringa er tydeleg på kven som har ansvar for å sikre god beredskap knytt til beredskapen på sambandet Eidsdal-Linge.
-
Peiker ut tre satsingar for grøn omstilling i Møre og Romsdal
Skal Møre og Romsdal lukkast med grøn omstilling må dei byggja på allereie sterke næringar og kompetanse, samarbeida systematisk og meir enn før.
-
40 år gammel fiskebåt oppgraderes
Green Yard Kleven er i gang med å oppgradere en 40 år gammel fiskebåt.
-
Nå skal Fosenferja seile sin egen sjø
Torghatten og Kongsberg Maritime har inngått kontrakt om utvikling av et system for selvkjørende ferger på sambandet Flakk-Rørvik. Flere flaggprosjekter innen maritim automatisering på fosenferjene er underveis.