Kontraktsdryss i Brasil
DOF har landa fleire kontraktar med Petrobras.
I ei børsmelding frå selskapet går det fram at ankerhandteringssfartøya (AHTS) «Skandi Jupiter» og «Skandi Mercury», som begge er under forvaltningskontraktar hjå DOF, no skal opererer som AHTS 230t BP. Dette skjer etter same anbodsprosessen som leia til kontraktane for «Skandi Amazonas», «Skandi Rio» og «Skandi Botafogo»
Både «Skandi Jupiter» og «Skandi Mercury» er no i Nordsjø-regionen og skal etter planen til Brasil etter modifikasjonar slik at dei passar etter Petrobras sine standardar.
Begge kontraktane, som har tre år opsjon er planlagt å starta andre eller tredje kvartal 2025, men det kan bli justert frå begge partar.
I børsmelding skriv dei at MPSVen «Skandi Salvador», som er bygd og seglar med brasiliansk flag, og har 140t AHC kran og to WROVar, har blitt chartra på ein 180 dagars kontrakt, med opsjonar. Desse skal fungera som støtte i Petrobras sin feltutvikling.
– Me er nøgde med å annonsera fleire nye kontraktar i vår region Brasil. Med «Skandi Jupiter» og «Skandi Mercury» utvidar me flåten og aukar fotspora i ankerhandterings-segmentet i regionen. Med «Salvador» og survey-tenester kontraktar ekspanderer me kundebase og forsterkar vår posisjon med survey- tenester services i Brasil, seier administrerande direktør i DOF, Mons S. Aase.