«Skandi Botafogo».

Har fått fleire kontraktar i Brasil

DOF har landet to store kontraktar.

Publisert

Ifølgje ei børsmelding frå selskapet har dei landa ein stor kontrakt for PLSVen «Skandi Niterói» og ein meget stor kontrakt for ankerhandteringsfartøyet (AHTS) «Skandi Botafogo». 

Det brasiliansk bygde- og flagga PLSV fartøyet er tildelt ein treårig fast kontrakt med opsjon som startar i 2025. Fartøyet vert eigd av DOFCON Navegação Ltda., som er eit fellesføretak eig 50/50 mellom DOF Subsea og TechnipFMC.

«Skandi Botafogo» er til liks med «Skandi Niterói» både brasiliansk bygd- og flagga. Skipet er førebels kontrahert av Petrobras til første kvartal 2025, men er no tildelt ein fire år fast kontrakt med 1 år opsjon, som startar i 2025 i forlenging av den noverande kontrakten. 

Før oppstart vil fartøyet få installert ein Work Class ROV, som er vurdert til 3000 meter, og levera ein AHTS 180t BP + ROV for same anbod som «Skandi Amazonas» og «Skandi Rio». 

– Me er begeistra for å kunngjera både ny tildeling for vår PLSV-flåte i Brasil og AHTS-kontrakten, som byggjer oppdragsreserve inn i andre kvartal i 2029. Desse langsiktige tildelingane syner vår unike posisjon i Brasil, uttalar administrerande direktør i DOF Group ASA, Mons S. Aase.