Fleire milepålar gjer at Corvus Energy kan smila breitt
Corvus Energy har både fått typegodkjent eitt ESS-system og vunne teknologipris.
For første vart det annonsert at Corvus Energy har fått typegodkjenning på Corvus Energy Blue Whale ESS.
Dette er eit stor-skala energilagrings-system (ESS), og typegodkjenninga tyder at dette samsvarar med reglar og reguleringar og sikkerheitskrav i industrien. Det er DNV som har gitt godkjenninga.
Blue Whale ESS er designa spesifikt for store fartøy, som cruise, RO-PAX og Servicefartøy (SOV) og andre fartøy som treng store mengder energi. Selskapet jobbar med å få godkjenning av Blue Whale ESS frå ABS, RINA, BV og Lloyd`s Register
I tillegg til typegodkjenninga har Corvus Energy vunne Norwegian Technology Award 2024. Denne vart delt ut under Kongsberg Agenda, og det er Teknisk Ukeblad som deler ut prisen.
I grunngjevinga vert det trekt fram at selskapet representerer framtidsretta teknologi og forretningsmodell. Dei har demonstrert evna til å kommersialisera teknologi basert på forsking og utvikling.
Vidare skriv dei at dei gjennom samarbeid med lokale selskap og klyngjer har vist evne til å ta miljøet på alvor, på alle nivå. I grunngjevinga går det fram at dei har skalerbar teknologi som bidreg til å redusera utslepp internasjonalt, og det vert peika på at selskapet har gjort betydeleg framsteg innan ei tradisjonell konservativ kundegruppa og har bevist med over hundre prosjekterer at teknologien fungerer.
Gjennom digitalisering og utviding av forretningsmodellen bidreg selskap til betydelege innsparingar, både økonomisk og når det gjeld utslepp.
– Me er veldig stolte av denne milepålen. Denne prisen syner alt det harde arbeidet frå våre flinke og dedikerte kollegaer i Norge, Canada, USA og rundt om i verda. Takk til juryen og folk for anerkjenninga for vårt harde arbeid og vårt mål om å driva fram ei rein framtid i havrommet, sa Thor Humerfelt, som er EVP & Prosjektdirektør.
Les også
-
Mer trafikk i Panamakanalen er gode nyheter for den norske leverandøren
-
Skal leverer batterier til verdens første nullutslipp subsea konstruksjons fartøy
-
Norsk selskap skal levera ladeløysing til verdas største batterielektriske Ro-Pax ferje
-
Har fått typegodkjenninga over eit halvår før dei må
-
Brenselceller til lunsj