Inngår brenselscelle partnarskap
Utviklar av rein energiteknologi, Ceres, og Alma Clean Power har nyleg annonsert at dei jobbar saman om ein demonstrasjon av SOFC-system for den marine marknaden.
Dette vart kunngjort like før Maritime Hybrid, Electric & Hydrogen Fuel Cell Conference, der begge partar skal presenterte fordelane av SOFC-teknologien for det maritme marknaden, skriv Alma Clean Power i ei pressemelding.
Dei skal kombinera Ceres sin solid oxide teknologi med Alma sin erfaring i maritime system utvikling. Desse skal ilag demonstrera eit 80 kW LNG-drive system i 2024.
- Ceres-teknologien har eit gunstig vekt og krafttettleiksforhold og den enkle integreringa gjorde det til eit naturleg val for Alma sin første naturgassdemonstrator, sa CTO i Alma Clean Power, Hans Fredrik Kjellnes, og legg til:
- Ceres sine partnarar sin raske opptrapping av produksjonsvolum adresserar kostnadsreduksjonshinder som naturleg er forbunde med innovative og byrjande teknologiar som har vore ein anna avgjerande faktor for Alma. Me er begeistra over moglegheita til å ta denne teknologien om bord på eit skip og sjansen til å fremja vår levering av framtidssikre kraftløysingar for deep sea shipping og offshore.
Tanken er å integrerar Ceres sin høgeffektive teknologi inn i eit modulisert kraftsystem, som er utvikla av Alma, og som nyttar naturgass (LNG).
Ceres skal stå for utvikling og validering av kraftsystemet for stablar av SOFC-brenselceller, står det i pressemeldinga. Alma skal utvikla og byggja 80 kW-system som skal testast i løpet av 2024 på Stord, før det skal testast på fartøy.
Ceres sin SOFC teknologi er ifølgje pressemeldinga robust, drivstofffleksibel, haldbar og taklar vibrasjonar godt, noko som gjer det ideelt for det marine miljøet. Sidan det er laga av allment tilgjenglege materialer, er Ceres sin teknologi inbuande kostnadseffektiv, modulær og skalerbar.
- Vårt partnerskap med Alma vil kombinera høgeffektiv teknolgi med Alma sin evne til utvikling av marine system og marknadstilgang. Avkarbonisering av det marine miljøet er ein avgjerande utfordring for verden for å nå nullutslepp. Me er glade for å samarbeida med Alma for å driva overgangen til ei grønare framtid for shipping, sa Tony Cochrane, Chief Commercial Officer i Ceres.
Les også:
-
Et betydelig fremskritt
Verdens første 6 kW brenselcellesystem drevet med direkte ammoniakktilførsel har nå blitt betydelig oppskalert for maritime applikasjoner.
-
Brenselceller til lunsj
Ein uformell HAVlunsj på VilVite-senteret i Bergen tok føre seg brenselcelleteknologi.
-
Maritim industri tar steg mot nullutslipp
På Singapore Norway Innovation Conference (SNIC) i Singapore 28-29 September, kunngjorde Alma Clean Power, Odfjell og DNV en ny milepæl i utviklingen av et solid oxide brenselscellesystem (SOFC). Brenselscellesystemet vil bli installert på en kjemikalietanker innen utgangen av 2024, med mål om å demonstrere potensialet for betydelig lavere drivstofforbruk og CO2- utslipp for deep-sea shipping.
-
Gjennombrudd innen ammoniakk brenselceller: - Veldig stolt
Alma Clean Power har gjennomført vellykket testing av verdens første 6 kW ammoniakk brenselcellesystem.
-
Dei satsar begge på det grøne skiftet - snart står dei side om side i Energy House
OneOcean, Bergen: Maritme Cleantech inviterte til ein lite time med tematikken hydrogen, ammoniakk, skipsfart og teknologi.