Sveaas krev erstatning etter plan om restrukturering av offshore-reiarlaget
Christen Sveaas, eigar av Kistefos AS, krev ei ekstraordinær generalforsamling i Solstad Offshore.
Bakgrunnen er ein omfattande restruktureringsplan der Aker har ei sentral rolle.
Til E24 har Sveaas gått hardt ut mot Aker.
- Dette er ein av dei mest grisete transaksjonane me har sett på Oslo Børs.
I ei børsmelding torsdag skriv styret i Solstad Offshore ASA (SOFF) at dei har motteke eit brev frå Kistefos AS der dei ber styret kalla inn ei generalforsamling, for å vedta at selskapet skal fremja erstatningskrav mot følgjande partar:
Styremedlemma og administrerande direktør i SOFF, Aker Capital AS, styreleiar i Aker Capital AS, administrerande direktør i Aker Capital ASAMSC, styreleiar i AMSC, administrerande direktør i AMSC og potensielt Solstad NewCo AS.
Erstatningskravet mot partane handlar om tap påført av SOFF som følgje av transaksjonane annonsert av selskapet i ei børsmelding datert 23.oktober, der Solstad annonserte restruktureringsavtalen.
I korte trekk handlar erstatningssøksmålet mot styret om forskjellsbehandling av aksjonærar.
Kistefos AS foreslår at generalforsamlinga skal vedta at Solstad Offshore og/eller deira datterselskap skal fremja krav om tilbakebetaling av urettmessige utdelingar motteke som følgje av dei nemnde transaksjonane, står det i børsmeldinga.
Vidare foreslår Kistefos at det skal veljast eit varastyre for selskapet, som tek på seg førebuingane, innlevering og behandling av kravet, den juridiske saksbehandlinga, og at generalforsamlinga vedteke visse tilleggprosedyrar instruksjonar i behandlinga av kravet.
Kistefos AS eig 5,16 prosent av aksjane i selskapet. Følgjeleg er styret plikta til å kalla inn til ei generalforsamling slik at generalforsamlinga kan stemma over forslaget til Kistefos.
Les også:
-
Kjøper seg ytterligere opp i Solstad
Investoren Christen Sveaas sine selskap Kistefoss AS og Kistefoss Investment har kjøpt seg ytterligere opp i Solstad Offshore.
-
Resultatet har gått kraftig ned - peiker på restrukturering
Likevel er marknaden i deira favør, og ordreboka fyller seg.
-
Nok eit Solstadskip landar kontrakt inn i 2030
CSV «Normand Ocean» skal jobba for Prysmian Powerlink Srl.
-
Lander kontrakter for 2,6 milliarder
Solstad Offshore melder i en børsmelding om kontrakter med brasilianske Petrobas for 2,6 milliarder kroner.
-
Skal oppgradere Solstads «Normand Sentinel»
Subsea-fartøyet «Normand Sentinel» skal gjennom en betydelig energieffektivisering og skal oppgraderes med Kongsberg Maritimes elektriske rim-drive azimuth thrustere. Med det kuttes utslippene med opp mot 40 prosent i tunge operasjoner.