Norske ladetårn brer om seg i verda
Zinus skal levera fleire MCS (Megawatt-charging System) i New Zealand.
Kunden er ABB Singapore, men sluttkunden er Auckland Transport (AT). I ei pressemelding skriv dei at denne milepålen markerer eit stort steg for Zinus, i samarbeid med ABB Singapore, for å møta behova til sluttkunden Auckland Transport (AT) i New Zealand.
AT har tinga fire nye hurtigbåtar, to frå EV Maritime og to frå Q-West Boat Builders / Hamiltion Jet, som skal ladast med den norske teknologien.
Zinus skal levera fem komplette MCS- ladetårn. Ladetårna har ein effekt på 2100A.
I pressemeldinga skriv dei at ladetårna integrerer alt naudsynt utstyr saumlaust, noko som inkluderer eit moderne kjølesystem for kablar.
Det første MCS-systemet er planlagt å vera i drift innan midten av desember 2024, medan dei fire siste vert installert i løpet av 2025.
Les også:
-
Nye investorer i Zinus – Må ansette flere
-
Zinus sikrer kontrakt med Damen Shipyards for BC Ferries-prosjektet i Canada
-
Halvveis i byggingen av verdens største batterielektriske ferge
-
Norsk selskap skal elektrifisera ferjesamband i Sverige
-
Norsk selskap skal levera ladeløysing til verdas største batterielektriske Ro-Pax ferje