Rem Offshore har tinga eitt nytt fartøy med Vard 419 design.

Signerer kontrakt på nytt konstruksjonsfartøy

Vard melder at dei har signert ein kontrakt på design og bygging av ein CSOV for REM Offshore.

Publisert Sist oppdatert

Det vert det tredje konstruksjonsfartøyet dei leverer til REM. Dei to første var «REM Power» i 2023 og «Rem Wind» i 2024. 

Skipa skal yta tenester under bygging, drift og vedlikehald av offshore vindparkar over heile verda, går det fram i pressemeldinga. VARD 419- designet er utvikla i Ålesund, og skal ifølgje Vard vera ein allsidig plattform for alle stønadsoperasjonar for havvindparkar, med fokus på logistikk om bord, sikkerheit, komfort og funksjonalitet. 

Skipet skal utrustast med eit dieselelektrisk og batterihybrid framdriftssystem som er designa for fleksibel og drivstoffeffektiv drift. Det er sett av stor plass på fartøyet for å kunne oppgradera eller konvertera til nullutslepps energikjelder. 

Samarbeid

– «Rem Power» og «Rem Wind» har sett ein ny standard med sine innovative løysingar, høgare yting og lågare utslepp. Desse skipa vart utvikla og bygd i tett og godt samarbeid mellom oss og Vard, og det er heilt naturleg for oss å returnera til Vard når me vil utvida flåten med ein ny CSOV, seier administrerande direktør i Rem Offshore, Lars Conradi Andersen 

Fartøyet vert 85 meter langt og 19,5 meter breitt, med lugarar opp til 120 personar, som inkluderer 93 vindmølleteknikarar og eit mannskap på 27 personar. 

Fartøyet vert bygd hjå Vard Vung Tau i Vietnam og er planlagt levert i fjerde kvartal 2026. 

Administrerande direktør i Vard Cathrine Marti og administerande direktør i Rem Offshore Lars Conradi Andersen har signert kontrakten.

Underleverandørar

Fartøyet har utstyr frå fleire underleverandørar: Vard Electro skal levera brusystemet SeaQ. Kongsberg Gruppen leverer avgjerdsstøttesystem til brusystemet. 

Fartøyet vert også utstyrt med Metizoft Life Cycle Assessment system (LCA), som målar fartøyets miljøpåverknaden gjennom kvart trinn i livssyklusen, frå utvinning av råvarer til avhending. 

Ved å analysera alle relevante miljødeklarasjonar (Environmental Product Declarations – EDPs) vert det gjort ein heilskapleg vurdering av den totale miljøpåverknaden. 

I tillegg skal eit arbeidsfartøy frå Mare Safety nyttast til å transport av teknikarar og last mellom CSOVen og vindturbinane. Fartøyet vil ha ein stabiliserande gyro for å betra drift og komfort.