Wilson tingar eit halvt dusin nybygg
Har opsjon på åtte til.
Nyleg har Wilson signert ein avtale om å byggja seks nybygg på 3,800 dwt.
Samstundes har selskapet opsjon på åtte fartøy til, som kan gje dei totalt 14. Dei nye skipa skal byggjast på Cochin-verftet i India.
Wilson vil ikkje gå ut med prisen på skipa, men Finansavisen har fått eit meklaranslag som antek at prisen vil liggja på rundt 10-12 millionar euro per skip avhengig av utstyret.
Desse skal vera topp moderne, med fokus på miljø, fleksibilitet og effektivitet. I ei pressemelding hevdar Wilson at dette syner at dei tek sin del i ein frammoverlevet og berekraftig maritim industri.
Dei kontraherte fartøya vil redusera utslepp og auka effektivitet. Fartøya vert designa for å møta og overgå standarane som er naudsynte i dagens maritime industri.
Fartøya skal utrustast med energieffektivt maskineri, opimaliserte skrogdesign og system for optimal ressurs utnytting, og drivstoffsparing.
I ein industri som er i kontinuerlege utvikling er fleksibilitet nøkkelen, skriv Wilson. Difor er nybygga designa til å tilpassa seg eit stort spekter av drivstoff og energitypar. Med denne ordrer har Wilson styrka sin posisjon som ein moderne og ansvarleg aktør i den maritime industrien, skriv dei.
Planen er at nybygga skal vera klare tidleg 2025.
Les også:
-
Wilson sjøsatte det første seks
Tirsdag sjøsatte Wilson det første fartøyet i en serie på seks søsterskip.
-
Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven
Green Yard Kleven har signert en nybyggingskontrakt med det rumenske energiselskapet OMV Petrom S.A., for bygging av ett «Field Support Vessel» som skal operere for «Neptun Deep»-prosjektet i Svartehavet. Oppdraget starter umiddelbart og skipet skal leveres i andre halvdel av 2026.
-
Wilson utvider flåten
Bestiller ytterligere åtte skip.
-
Nye Havfisk ankom Skagen
Skroget til nye «Havfisk» ankom verftet denne uken – nå gjenstår utrustningen.
-
Tingar fleire skip
Belships ASA utvidar nybyggingsprogrammet med to skip.