Signerer kontrakt på eit nytt kabelleggingsskip
I september inngjekk Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft ein kontrakt på bygginga av eit stort DP3-kabelleggingsfartøy.
Skipet, ein ST-297 CLV-designet frå Skipsteknisk, er ein oppdatert versjon av Nexans Aurora, som vart levert i 2021, går det fram i ei pressemelding.
- Me tildelte kontrakten på eit nytt fartøy til Ulstein etter ein omfattande anbodsprosess, der Ulstein si merittliste, som inkluderer leveringa av Nexans Aurora, var ein viktig faktor for at vi valte Ulstein Verft på nytt. Me ser fram til å arbeide saman med Ulstein på dette nye og spennande prosjektet, seier Pascal Radue, EVP Generation & Transmission i Nexans.
- Ulstein er svært glade for at Nexans vel å kome tilbake til Ulstein Verft for bygginga av eit nytt kabelleggingsfartøy. Trass i utfordringane med Covid-pandemien leverte me Nexans Aurora på tid i 2021, noko som stadfestar vår lange historikk med å levere skip til avtalt tid og kvalitet. Me ser fram til å fortsette det tette samarbeidet med Nexans og er svært fornøgde med at Nexans på nytt viser Ulstein Verft tillit ved tildeling av denne kontrakten, seier konsernsjefen i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.
Elektrifisering
Det nye skipet er basert på Nexans Aurora-designet, som i dag spelar ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar, skriver Ullstein i pressemeldinga.
Fartøyet er spesialdesigna for å utføre transport og legging av ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjon av desse. Det kan arbeide effektivt også i krevjande vêrforhold, har eksepsjonell manøvreringsevne og evne til å halde seg på posisjon (dynamisk posisjonering).
Ulstein Verft er ansvarleg for skipsbygginga og førebuing for installering av kabelleggingsutstyret om bord.
Avansert
Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive på dekk med stor kabelkapasitet på opp til 10 000 tonn kabel, ei svingskive under dekk med 3500 tonns kabelkapasitet og ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn.
Fartøyet er 31 meter breitt, 149,9 meter langt og er innreidd for 90 personar.
- Me har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør ved Ulstein Verft.
Les også:
-
Hydroniq Coolers sikrer ny kontrakt
Ulstein Verft har tildelt Ålesund-selskapet Hydroniq Coolers en kontrakt for å levere sjøvannskjølingssystemet til et kabelleggingsfartøy som verftet bygger for Nexans Marine Operations.
-
Store innsparinger med Ulstein-løsning
«Olympic Boreas» ble beskrevet som «firehjulsdrift på sjøen» da skipet vant prisen for Årets Maritime Innovasjon tidligere i år. Nå har rederiet hatt levering av «Olympic Notos» fra Ulstein verft.
-
Skipsteknisk skal designe for SEA1 Offshore
Skipsteknisk skal designe nye offshore energifartøy for SEA1 Offshore. Disse fartøyene er basert på den nyeste versjonen av ST-245-designet.
-
Norskdesignet tråler er Canadas største
Tersan Shipyard har overlelevert sitt nybygg nummer NB1117, som snart skal døpes «Inuksuk II», til Niqitaq Fisheries i Canada.
-
Han er ny styreleder i Skipsteknisk
Jon Erik Engeset har tiltrådt som ny styreleder i Skipsteknisk AS.