TWIN X-STERN-skip.

Bygginga av vindskip nummer to for BS Offshore i gang ved Ulstein Verft

Denne veka kom skroget til byggnummer (bnr.) 321 for BS Offshore fram til Ulstein Verft. Dette markerer starten på ein ny fase i skipsbygginga. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS for såkalla 'walk-to-work'-operasjonar (W2W) der personell går over ei rørslekompensert gangbru frå skipet til ein vindturbin.

Medan skroget har vore under bygging ved CRIST-verftet i Polen, tett følgd opp av eit siteteam frå Ulstein Verft, har designarane og ingeniørane i dei ulike Ulstein-selskapa i Noreg og Polen arbeidd med å ferdigstille detaljteikningane til skipet, skriv Ulstein Verft i ei pressemelding.

Når skroget no har komme fram til Ulstein Verft, startar fasen med sikring, måling, utrusting, røyrlegging, installasjonar av utstyr, elektroarbeid og systemintegrasjon.

 Skipet er søsterskipet til bygg nummer 320, som vart sjøsett ved Ulstein Verft 23. februar.

– Vi er glade for å sjå at arbeidet med å fullføre det andre CSOV-skipet vårt går framover. Skipet er designa med tanke på effektivitet, tryggleik og berekraft og vi ser fram til den vidare framdrifta og samarbeidet fram til levering, seier Matthias Müller, administrerande direktør i BS Offshore.

 TWIN X-STERN

Som forgjengaren er nybygget ein del av den innovative TWIN X-STERN CSOV-serien, med svært høg operasjonell yting og gode sjøeigenskapar. Som ein del av utrustingsfasen vil skipet bli utstyrt med avansert teknologi, inkludert ei 3D-kompensert kran og gangbrua, som sikrar trygg og effektiv overføring av personell og last til havvindanlegg.

Fartøyet vert også utstyrt med eit dieselelektrisk framdriftssystem med stor batterilagring som bidreg til å redusere miljøavtrykket. Fartøyet er også førebudd for metanol som eit framtidig drivstoff.

Etter leveringa av skipet i 2025, kan det bidra til å yte støtte til havvindsektoren med moderne, høgkomfort-innreiing for opptil 132 mannskap og kundar.

 Dette er Ulstein sitt femte W2W-skip til BS Offshore. All er designa av Ulstein Design & Solutions AS og bygde ved Ulstein Verft. BS Offshore er ein nytenkjande reiarlag, og Ulstein set pris på å halde fram det gode partnarskapet, og bidra til utviklinga av berekraftige maritime løysingar.