Skipet fekk langvarig kontrakt - lokalt verft får jobben med å byggja om
Over sommaren ventar ein kontrakt på 4,5 år.
Det er Island Offshore som har sikra langvarig arbeid for fartøyet «Island Condor».
- Ei fantastisk julegåve til reiarlaget!
- Me har jobba særs målretta for å sikre oss lengre oppdrag, og me er takksame for tilliten som kunden syner oss, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.
«Island Condor» har i mange år jobba som walk-to-work fartøy på britisk sektor, men har siste året vore involvert i norske prosjekt. No skal båten byggjast om for ei langvarig kontrakt med ein norsk kunde, og kursen er dermed lagt for dei neste 4,5 åra, skriv Island Offshore i ei pressemelding.
- Våre forventingar for komande år vert med dette vidareført og forsterka. Me har god erfaring med å tilpasse skip til nye og attraktive segment, og at eit av forsyningsskipa våre no vert bygd om for anna verksemd er eit resultat av satsingsvilje, nytenking og drivande dyktige tilsette i organisasjonen, seier Walaunet.
Lokalt verft
Flåten til Island Offshore tel no 21 båtar i operasjon, og dei fleste av båtane er sikra godt med arbeid inn i 2024 og vidare, skriv dei.
«Island Condor» vart bygd ved Vard Brevik, og overlevert til reiarlaget i 2014. Fartøyet skal no til Myklebust Verft i starten av april 2024 og skal vera ferdig september 2024.
- Dette er ei stor og krevjande ombygging for «Island Condor», og då er det ekstra hyggjeleg å nytta lokale krefter og leverandørar. Me har eit langt og godt samarbeidsforhold til Myklebust Verft og andre leverandørar i regionen, og ikkje minst er det lettare for oss å følgje opp framdrifta når skipet vert liggande så nært kontoret, seier Walaunet.
Ombygging
«Island Condor» skal frå hausten jobba som konstruksjonsskip og vert utstyrt med to ROV, offshorekran, helikopterdekk og ein større batteripakke. Midtseksjonen på skipet vert forlengja, inklusiv innreiing, og ROV-hangar skal byggast.
Båten vert dermed rigga for å utføre inspeksjonsarbeid, kranarbeid og liknande mot både olje og gass- og fornybar sektor, skriv dei i pressemeldinga.
Island Condor har SPS klasse med lugarkapasitet til 83 personar, og har dermed god kapasitet til klientmannskap.
Trufast til klyngja
Etter levering i august 2024 skal fartøyet etter planen rett i arbeid. Myklebust Verft skriv i si pressemelding at det både for verft og reiarlaget har det vore viktig å nytte seg av leverandørar av utstyr og tenester frå den lokale maritime klyngja.
- Me er glade for at Island Offshore igjen har valt Myklebust Verft som samarbeidspartnar. Samarbeidsforholdet mellom Island Offshore og Myklebust strekker seg langt tilbake i tid. Me ser det som nok ei tillitserklæring frå reiarlaget at vi igjen har blitt valt for eit så stort og viktig oppdrag, seier Kristin Hide dagleg leiar i Myklebust Verft.
Les også:
-
«REM Ocean» får Brunvoll-thrustere
Brunvoll har inngått nok en avtale med Myklebust Verft for levering av en omfattende thrusterpakke til REM Offshore sitt nye fartøy. Leveransen til dette fartøyet er basert på en opsjon fra kontrakten som ble annonsert i mai. I likhet med den forrige kontrakten inkluderer også denne avtalen en opsjon på et tredje fartøy.
-
Velger HAF Power Solutions igjen
HAF Power Solutions, en del av ACEL Group, er valgt av Rem Offshore og Myklebust Verft som kraftsystemintegrator for det nylig annonserte ST-245 IMR (Inspection, Maintenance & Repair) som skal bygges ved Myklebust Verft.
-
Rekordkontrakt for Evotec
– Det var litt av en julegave for oss, forteller en smilende Sales- & Marketing Coordinator i Evotec, Guro Kvalsund Aksnes, om kontrakten som sikrer Sunnmørsbedriften flere års arbeid fremover.
-
Kjempekontrakt til REM Offshore og Myklebust
I lengre tid har Rem Offshore og subseaselskapet DeepOcean samarbeidet for å vinne en åtteårig IMR-kontrakt med Equinor. Nå er avtalen i boks.
-
– Prosjektet går som planlagt
I september var kjølstrekk på agendaen hos Myklebust Verft og deres samarbeidspartner i Vietnam. – Det er viktig for å bekrefte at prosjektet går som planlagt, sier Leiv Sindre Muren, CEO i Myklebust Verft.