
Autonome robotar skal byta batteri for å optimalisera sambandet
I slutten av 2020 vann Norled anobdet på hurtigbåtsambandet mellom Kristiansund - Trondheim (rute 800).
Denne kontrakten startar januar 2024.
Onsdag 1. februar orienterte seksjonsleiar for drift i FRAM, kollektivtransportforvaltaren for Møre og Romsdal, politikarane i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune sitt samferdselsutval om konseptet for elektrifisering, skriv Møre og Romsdal fylke i ei pressmelding.
– På strekninga Trondheim–Kristiansund vil Norled sette inn to heilt nye elektriske fartøy, med kapasitet på om lag 280 passasjerar. Maskineriet vil vere ein kombinasjon av elektrisk framdrift, batteri og dieselgeneratorar. Samanlikna med rein dieseldrift for same type fartøy er det estimert 5,7 millionar liter redusert dieselforbruk per år. Dette vil gje ein reduksjon på om lag 15 000 t CO2 per år, fortalte Wiig
Utskiftbare batteri
Fartøya vil ha utskiftbare batteri plassert på akterdekk, eit system som har fått namnet SHIFTR.
Dei nye fartøya vil ikkje vera i drift frå oppstart av kontrakten i januar, men koma på plass i løpet av 2024. I mellomtida vil det gå andre fartøy som oppfyller krava som er stilt i kontrakten.
Den nye teknologien går ut på at ein autonom robot byter fartøya sine batteri når det kjem til kai. Fartøyet kan segla vidare, medan batteria står att i batteribytestasjonen til neste byte.
Det heile gir ein jamnare belastning på straumnettet enn hurtiglading, noko som reduserar behovet for å byggja ut nettkapasiteten ved kaiene.
– Batteribytteroboten kan plasserast på fast kai eller på ein lekter. I Møre og Romsdal ser Norled for seg at det kan vere robotisert batteriskift på to anløp i ruta, i Kristiansund og i Kjørsvikbugen, forklarte Wiig under orienteringa.
Den nye teknologien med byting av batteri gjer også at batteria om bord kan vera mindre. Mindre vekt reduserer energiforbruket til fartøya, og gjer det mogleg å oppretthalde farta som hurtigbåtar har, mellom 30-35 knop
Smøla
Samferdselsutvalet føresette også i mandatet i 2021, at gjennomgåande rutetilbod og tilbod til og frå Smøla morgon og kveld skulle gjennomførast. Anløpsstaden på Smøla er Edøy.
– Dette er godt ivaretatt i designet på dei nye fartøya. Dei har effektive skrog med gode sjøeigenskapar og nedsøkkbare baugthrusterar, som viktige faktorar for manøvreringa. Dette vil legge til rette for best mogleg regularitet, også på Smøla, avslutta Wiig.
Les også:
-
Wolden forlater Norled
Heidi Wolden sa mandag opp som administrerende direktør i Norled. Det melder Stavanger Aftenblad.
-
Pionérfergen «Ampere» markerte 10-årsjubileum
MF «Ampere» var verdens første helektriske ferge da hun ble satt i drift 17. februar 2015. Ti år senere seiler hun fortsatt på Sognefjorden, og mandag ble hun feiret om bord.
-
Nye ladetårn revolusjonerer maritim elektrifisering
Seam og partnere har installert seks MCS-ladetårn i Norge, som muliggjør lynrask lading av hurtigbåter og ferger.
-
Tar kvantesprang mot nullutslipp
Hurtigbåtforbundet, som representerer 68 medlemsbedrifter innen maritim næring, har inngått en innkjøpsavtale med Bunker-Oil som kan ta hurtigbåtbransjen et langt steg mot nullutslipp, uten hjelp fra regjeringen.
-
MF «Ombo» skadet av uvær
MF «Ombo», en av fergene i Finnøy-sambandet, er ute av drift grunnet en berøring med land under uværet fredag kveld.
-
Ny finansdirektør og teknisk direktør i Norled
Norled styrker sitt lederteam med ansettelse av Toril Marie Ås som finansdirektør og Steffan Lindsø som teknisk direktør. Begge har de siste månedene fungert i sentrale interimsposisjoner og vært en del av selskapets ledergruppe.