Får Storegutprisen 2023
Fjord1 og matkonseptet deira, Ferdamat, vert heidra under Litteraturdagane i august.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Nynorsk Kultursentrum. Selskapet nyttar nynorsk i all marknadsføring og informasjon, både opp mot publikum og elles i næringsdrifta.
Storegutprisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom. Storegutnemnda meiner at Fjord1 og Ferdamat fyller tildelingskriteriet og vel så det.
Leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga, seier at det krev både mot og integritet å gjera all marknadsføring på nynorsk.
– Selskapet gjer det som ein heilt naturleg del av verksemda si, og viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, så lenge fokus er på god kommunikasjon i eit kort og tydeleg språk, seier Nordstoga.
Stor stas
Kommunikasjonsmedarbeidar i Fjord1, Hilde Anita Røyrvik, seier at tildelinga er stor stas og noko selskapet er stolte av.
– Vi har nytta nynorsk målform i det offentlege rom i mange år; både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og i malverket vårt. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god, lett og forståeleg måte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår. Vi er svært audmjuke og glade for at vi vert lagt merke til, og ønskjer samtidig å takke Vener av Vinjesenteret for prisen, seier Røyrvik.
Les også:
-
1000 liter diesel lakk ut i sjøen
MF «Sogn», som ligger i opplag like nord for Bergen, slapp i november ut 1000 liter diesel i sjøen.
-
GulenSkyss vann Osterøysambandet
Måndag tildelte Skyss tre ferjekontraktar til Fjord1, Wergeland og GulenSkyss.
-
Ber om navnehjelp til nye hurtigbåter
Hva skal barnet hete? er det mange foreldre som har spurt seg når barnet kommer. Det gjør også Fjord1 i disse dager som trenger hjelp til å finne navn til to hurtigbåter.
-
Millionerstatning til fergerederiene
Staten er dømt til å betale millionerstatninger til fergerederiene Torghatten Nord og Fjord1, som følge av økte utgifter etter innføringen av CO₂-avgiften på LNG.
-
Ferjesamband åpnet igjen etter skade
Eidsdal ferjekai er skadet etter at ferja «Sunnylvsfjord» fikk problemer med fremdriftssystemet da den skulle til land fredag 5. juli.