MF «Ole Bull» har seilt på sambandet til Osterøy.

GulenSkyss vann Osterøysambandet

Måndag tildelte Skyss tre ferjekontraktar til Fjord1, Wergeland og GulenSkyss.

Publisert Sist oppdatert

Tildelingane skjer etter konkurranse om tre ulike kontraktar, som alle får oppstart i november 2027:

Sogn og Fjordane-kontrakten, som består av sambanda Måløy – Husevågøy – Oldeide, Isane – Stårheim, Askvoll – Fure – Værlandet og Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella, og i tillegg inneheld ein opsjon om drift av sambandet Askvoll – Gjervik – Fure. 

Dette er ein 15-årig kontrakt.

Hisarøy-kontrakten, for sambandet Hisarøy – Mjånes. Dette er ein 10-årig kontrakt.

Osterøy-kontrakten, for sambandet Breistein – Valestrand. Dette er ein 15-årig kontrakt.

Konkurransen er gjennomført etter vedtak i fylkesutvalet i juni 2024, og i samsvar med lov om offentlege anskaffingar, skriv Skyss i ei pressemelding.

Betydelege utsleppskutt

Det handlar i hovudsak om ei vidareføring av dagens rutetilbod og kapasitet på dei nemnde ferjesambanda.

Samstundes vert det stilt klimakrav. Sambanda Stårheim – Isane og Måløy – Oldeide skal drivast heilelektrisk, men ha forbrenningsmotor som reserveløysing. For dei andre sambanda i Sogn og Fjordane-kontrakten er det krav om delelektrisk drift.

Også for Hisarøy- og Osterøy-ferjene vert det stilt krav om heilelektrisk drift. Fyrstnemnde ferje køyrer heilelektrisk alt i dag.

I sum anslår Skyss at utsleppskutta vil verte på mellom 70 og 95 prosent, samanlikna med dagens drift.

Tildelingane

Kontraktane skal tildelast den tilbydaren som samla sett har levert konkurransens lågaste kostnad. 

For Sogn og Fjordane-kontrakten var dette Fjord1.

For Osterøy-kontrakten var det GulenSkyss og for Hisarøy-kontrakten var det Wergeland. 

Klagefrist er sett til 13.desember, så endeleg kontrakt vert signert etter dette.