Nok ein gong skal verftet byggja til reiarlaget - det er dei nøgd med
Fitjar Mekaniske Verksted (FMV) skal levera søsterskip til Finnsnes Dykk & Anleggservice (FDA).
I august leverte FMV det dei i ei pressemelding kallar Noregs råaste konstruksjonsfartøy/serivcefartøy, nemeleg FDA «Mimmi». No skal ho få søstre.
Enkelt oversatt betyr det at FDA har kontrahert to nye servicefartøy frå FMV.
«Bjarkøyklassen»
"Bjarkøyklassen" er namnet på det nye designet som har fått nemninga FMV W27M.
I pressemeldinga skriv dei at FDA og FMV har jobba tett saman i utviklingsfasen og peiker på at desse fartøya vil synast langs kysten. Dei nye fartøya vert 26,4 meter lange, 12,5 meter breie og 4,5 meter djupe.
Begge fartøya skal ha kunne løysa eit breitt oppdragsspekter, noko som inkluderar sjøentreprenørverksemd. Dei er i tillegg budde for montering av bløggjeanlegg, samstundes som miljø er i fokus. Fartøya skal difor ha batteripakkar på 1450 kWh om bord.
FMV56 og FMV59 skal leverast i april og august 2025.
Elvisglad
Verftsdirektør Fitjar Mek, Hugo Strand er glad for at samarbeidet med FDA held fram.
- Dei siste åra har bydd på ein del utfordringar og bekymringar for ein norsk skipsbyggjar, men i dag skal eg berre gå rundt å vera glad på vegne av oss alle på Fitjar Mek.
For anledningen har han valgt eit sitat frå Elvis Presley.
«I got a feelin in my body
this will be our lucky day.
We`ll be releasing all our sorrow
leave it laying along the way”
Nøgd med samarbeidet
Reiar, dykkar og bedriftsutviklar Kenneth Larsen, er òg glad for å halda fram samarbeidet med verftet.
- Verftet har levert gode båtar, på tid og til avtalt pris. Ei årsak til at me no inngår nye kontraktar med FMV er den jobben dei gjorde på «FDA Mimmi». Vidare ser me at fartøy bygd i Noreg gjennomgåande har god kvalitet, som òg fører til mindre plunder & heft i driftsfasen, samt høg annanhandsverdi.
Les også:
-
Styrker flåten med ny servicebåt
Nærøysund Aquaservice AS har inngått avtale med Moen Marin AS om levering av NabCat 2413 Hybrid, et servicefartøy utstyrt med hybrid teknologi og løsninger som er designet for å møte fremtidens krav i næringen.
-
IMS Group AS kjøper Jowa AB
Den norske IMS Group AS har kjøpt alle aksjene i det svenske Göteborg-baserte Jowa AB.
-
Svakere fra Fitjar Mek
Fitjar Mek opplevde en svak inntektsøkning i 2023 sammenlignet med året før. Men resultatet falt.
-
Hun blir assisterende fiskeridirektør
Mette Sørfonden tiltrer i rollen som assisterende fiskeridirektør 2. september 2024.
-
Skal bygge om supplybåt til brønnbåt - norsk selskap leverer batteripakken
Det er Aquaship/Intership som har kontrahert båten.