Det tredje søsterskipet er klart
Edda Wind har fått sin tredje CSOV.
«Edda Nordri» vart nyleg døypt i Spania. Fartøyet er av same design som dei andre som vert bygd hjå Gondan Shipbuilders. Dei skal byggja seks fartøy og «Edda Nordri» var nummer tre.
I ei pressemelding skriv selskapet at Edda Wind sine nye fartøy skal setja ein ny standar i offshore vindmarknaden. Skipet vart levert 7. september og skal vera klar til drift i fjerde kvartal i 2023.
- «Edda Nordri» er nummer tre av seks søsterfartøy som vert levert av Gondan Shipbuilders, og eg er glad for å presentere fartøyet i dag. Me er takksame for alle som har bidrege for å gjera denne dagen så spesiell. Takk til Gondan Shipbuilders for deira innsats i å byggja dette fartøyet, og takk til alle andre som har vore med på dette prosjektet. Ikkje minst, takk til Tone Lunde Bakker for å vera gudmor. Edda Wind-flåten veks raskt, noko som er etter planen og innan 2026 vil me ha 14 fartøy, sa CEO i Edda Wind, Kenneth Walland.
Fartøya skal husa vindturbinteknikarar medan dei arbeider på offshorevind turbinar. CSVOen er 88,3 meter lang og 19,7 meter brei. Det rommar opp til 120 personar.
Skipet er budd for å ta i bruk nulltusleppsoperasjonar, med hydrogenbasert framdriftssystem, som er basert på Liquid Organic Hydrogen Carrier (LOHC).
«Edda Nordri» sitt første prosjekt vil vera for vindturbinprodusenten Vestas.
Les også:
-
Gir seg i Edda Wind
Nå skal Kenneth Walland bli pensjonist.
-
Nye Edda-fartøy går rett i arbeid
Edda Wind sine nye fartøy, som skal leveres i november i år og andre kvartal neste år, er allerede tildelt kontrakter.
-
Sjøsette nytt fartøy
Edda Wind kunngjord nyss at deira nye nybygg NB966 var sjøsett ved Vard Braila i Romania.
-
Inngår samarbeidsavtale for IT-drift og sikkerhetstjenester
Det er Edda Wind Managment og EMP Secure som har inngått avtalen.
-
Uhell under testing av Edda Winds fartøy
Mandag 6. mai opplevde Edda Winds nybygg «Goelo Enabler» et uhell som medførte skader på skipet. Heldigvis kom ingen personer fysisk til skade.