Sjøsette nytt fartøy
Edda Wind kunngjord nyss at deira nye nybygg NB966 var sjøsett ved Vard Braila i Romania.
Fartøyet er eitt av fire Vard-fartøy av VARD 4 25 design. Skipet ligg no saman med NB965 i Romania.
Nybygget vert liggjande i tre månadar ved kai i Vard Braila før ho vert slept vidare til Vard Brattevåg i Noreg for igangkøyring, installasjon av overbygg og sjøprøvar før levering, skriv selskapet i sine kanalar.
Vard 4 25 CSOV-designet er designa for Edda Wind. Designe skal ha fleksibilitet og operabiletet for operasjonar i vindparkar over heile verda.
Fartøyet rommar opptil 120 personar fordelt på 101 lugarar, og vert klargjort for nullutsleppsoperasjonar basert på eit LOHC-konsept, i tillegg er det metanolklart.