Får vekstlån av Innovasjon Noreg – utvidar til Singapore

ECOsubsea er tildelt eit vekstlån på 35 millionar kroner av Innovasjon Noreg.

Publisert

Vekstlånet dei har fått, er øyremerka til selskap som har konkrete planar om å veksa utanfor Noreg, men som manglar sikkerheita til å få fullverdig bankfinansiering. 

– ECOsubsea kan sikra ein global og marknadsleiande posisjon innan skrogvask. Den nye teknologien vaskar skroga oftare, noko som fører til mindre skade til miljøet og kan redusera utslepp. Dette er eit innovasjonsprosjekt med stort potensial, som kan ha stor innverknad på Noregs verdiskaping, uttalar administrerande direktør i Innovasjon Noreg Håkon Haugli, i ei pressemelding. 

– Dette lånet gjev oss moglegheita til å ekspandera vår business, få miljøvenlege teknologi til fleire marknadar og gjera shipping-industrien meir berekraftig. Me er stolte av at Innovasjon Noreg ser vekstpotensial i ECOsubsea, medan me no etablerer oss i verdas andre største hamn, seier administrerande direktør i ECOsubsea Tor Østervold.

Selskapet har eit fjernstyrt undervassfartøy som vaskar skroga under vatn. Som ein støvsugar sug den opp alt den vaskar av. Det som er sug opp vert levert som spesialavfall, der det og kan bli konvertert til biogass. 

Med vekstlånet frå Innovasjon Noreg skal ECOsubsea skalera opp løysinga si. Ved hjelp av ein ny generasjon vaskerobotar skal dei løysa reinsebehovet til verdas største skip medan dei bunkrar. Førebels kan skip bli forseinka opptil 24 timar på grunn av vask. Dette vil ein unngå med ECOsubsea si løysing går det fram i ei pressemelding. 

Innovasjon Noreg sitt vekstlån skal støtta oppstarten og kommersiell drift av dette i Singapore Hamn.