
Tredje kvartal i pluss
Dof Group har lagt fram tala for kvartalet.
I tredje kvartal enda resultatet før skatt på 378 millionar kroner, som er opp frå minus 443 millionar kroner på same tid i fjor. Dei har eit driftsresultat på 794 millionar kroner mot 602 millionar tredje kvartal i fjor.
Driftsinntektene auka frå 2,46 milliardar til 2,97 milliardar.
E24 skriv at administrerende direktør i Dof, Mons Aase, peikar på at aktiviteten har vore god for undervassprosjekter i Brasil og Vest-Afrika.
I tredje kvartal hadde dei ei inntening før renter, skatt, avskrivningar og nedskrivningar (Ebitda) på 1,117 milliarder kroner, som er opp frå 866 millioner på same tid i fjor
Dof har trua på framtida og hevar Ebitda for året til mellom 4,75- 4,85 milliardar frå 4,5-4,75 milliardar.
Då børsen opna fredag morgon steig aksjen til Dof Group med 5,7 prosent.
Les også:
-
Økte inntektene i fjerde kvartal
DOF Groups inntekter økte med nesten 40 prosent i fjerde kvartal i fjor. Nå kan det bli betalt utbytte til aksjonærene.
-
Kystdesign leverer avanserte ROV-systemer til DOF
To undervannsfarkoster fra Kystdesign er klare for levering til USA etter omfattende testing og godkjenning.
-
Satser på utbytte fra neste år
DOF leverte onsdag kveld kvartalsresultatet for tredje kvartal, som viser en økning i inntjening og en ordrebok som fylles.
-
DOF reiste seg som en fugl Fønix
Den lange offshorekrisen etter 2014 rammet mange rederier og førte til mange endringer og transaksjoner i milliardklassen.
-
Kontraktsdryss i Brasil
DOF har landa fleire kontraktar med Petrobras.