Kongsberg Digital skal digitalisera flåten til Roro-reiarlaget
Målsetjinga er å unytta dei digitale løysingane for å auka effektivitet og berekraft i den maritime industrien.
Kongsberg Digital og Höegh Autoliners har jobba tett sidan 2019, skriv selskapa i ein pressemelding. Då var Höegh Autoliners den første kunden for “Vessel Insight”, som er Kongsberg Digital sin sky-infrastruktur.
Dette vert brukt til å finna nye måtar å redusera utslepp, auka føreseielegheiten og betra sikkerheiten. Selskapet har soleis vore ein viktig pilot for Kongsberg Digital, skriv dei i pressemeldinga.
- Med vår nære historie er Höegh Autoliners meir ein partnar enn ein kunde for oss; selskapet er eit digital, ambisiøs føregangsselskap som delar ein lidenskap for innovasjon og berekraft. Den beste og einaste måten å møte berekraftsambisjonar og dei stadig aukande utsleppsreguleringane innan maritime sektor er å samarbeida om problemstillingane. Me er stolte av å vera Höegh Autoliners tiltrudde digitaliseringspartnar, og Kongsberg Digital ser verkeleg fram til å jobba tett med Höegh Autoliners i åra som kjem, seier administrerande direktør i Kongsberg Digital, Shane McArdle.
Dei har no formalisert ein avtale om å utvida samarbeidet deira. Kongsberg Digital skal digitalisera den eksisterande flåten til Höegh Autoliners og dei nye Aurora-klasse fartøya.
- Me går jamt og trutt mot nullutslepp, samstundes som me konsekvent leverer pålitelege havtransportløysingar til våre globale kundar. For å nå dette målet digitaliserar me flåten vår aktivt ved hjelp av Kongsberg Digital teknologi, seier administrerande direktør i Höegh Autoliners.
- Dette vil akselerere vegen vidare mot meir berekraftige, effektiv og transparent drift, samstundes som me sikrar at fartøya våre er i forkant av digitalisering i bransjen. Å omfamna den digitale revolusjonen gjer oss i stand til å tilby forbetra tenester til våre verdsatte kunder over heile verda.
Les også:
-
Kongsberg Maritime skal oppgradere 10 PCTC-fartøy
Kongsberg Maritime er tildelt en kontrakt for å oppgradere fremdriftssystemene på 10 PCTC (Pure Car & Truck Carrier) fartøy for Höegh Autoliners, en av verdens ledende leverandører av transporttjenester til sjøs innen sitt segment.
-
Reiarlaget skundar seg sakte, men er sikre på at dei vert digitaliserte
Siri-Anne Mjatvedt frå Utkilen snakka under HAVlunsjen på One Ocean Week om korleis Utkilen digitaliserer seg.
-
Forte Digital tek dataplattformene sine til havs
Dei meiner at verktøykassen deira er relevant for dei fleste bransjar, også shipping.
-
Wilhelmsen Ships Service går til skyen
Med å oppgradere til skyen får selskapet en fleksibel og skalerbar løsning, som vil fungere som hovedmotoren for leveranser til mer enn 1700 havner i året.
-
Höegh Autoliners sel skip
Den nye eigaren tek over skipet i juli.