Maritim Forskning:
Kven skal styre skuta i framtida?
Ein del av manøvreringa og navigasjonen på skip i dag er allereie automatisert, men kva skal til for at det i framtida skal være mogleg med passasjerbåtar som er tilnærma sjølvkøyrande?
Dette har Møre og Romsdal fylkeskommune jobba med å finne svar på gjennom det 4-årige prosjektet Smartare transport. I samarbeid med SINTEF, NTNU, Ålesund kommune og Kristiansund kommune har dei utvikla eit grunnlag for korleis vi kan få eit framtidsretta system for kollektivtransport på sjøen, med sjølvkøyrande passasjerbåtar i byar.
Eit av måla med prosjektet er å få fleire til å reise med miljøvennleg kollektivtransport, og vri meir trafikk over frå veg til sjø. Møre og Romsdal fylkeskommune var ein av fem fylkeskommunar som i 2018 fekk midlar frå Samferdselsdepartementet til å utvikle og teste ut nye, effektive og miljøvennlege transportløysingar.
Kristiansund og Ålesund
Marte Berild Hjelle er prosjektleiar for Smartare transport i fylkeskommunen.
Ho fortel at prosjektet har arbeida med konsept og teknologiske løysingar for to båtstrekningar – saktegåande pendelferje i Kristiansund sentrum og hurtigbåtstrekninga mellom Ålesund og Langevåg.
– Vi har valt to ytterpunkt for autonome båtruter fordi kartlegginga av desse vil kunne skalerast og overførast til andre stader i landet, seier prosjektleiaren.
Alle resultata frå prosjektet er samanfatta i ein heilskapleg rapport som er tilgjengeleg for alle. Hjelle fortel at dei i tida framover vil arbeide med å formidle resultata frå prosjektet og potensialet for autonomi på sjø for næringsliv og verkemiddelapparat.
– Tysdag 28. november arrangerer vi fagseminar i Kristiansund. Der møtast næringsliv, verkemiddelapparat og andre aktørar for å diskutere kva moglegheiter som ligg i autonomi på sjø, både for innbyggarar, samfunn og næringsliv, seier ho og fortset:
– Vi ønsker å få gode, faglege diskusjonar om korleis vi betre kan ta i bruk det blå kollektivfeltet, som sjøvegen ofte blir kalla. Dette er viktig for å avlaste vegnettet i framtida, spesielt i byane.
Kva grad av autonomi er mogleg
Noko av det som prosjektet har jobba med, er kva grad av autonomi som kan gjennomførast på kort sikt, og på litt lengre sikt.
– Graden av autonomi er eit stort og viktig tema. Her er både teknologi og passasjersikkerheit avgjerande. I prosjektet har vi kartlagt kva som er mogleg i eit perspektiv på 3–5 år og kva som kan vere mogleg fram mot 2030, opplyser Hjelle.
Ho forklarar at når ein snakkar om sjølvkøyrande passasjerbåtar, betyr det ikkje nødvendigvis at dei skal vere heilt ubemanna.
– Dagens regelverk er i hovudsak tilpassa menneskeleg operasjon med rom for tolking, men vi har tru på at også regleverket etter kvart vil følgje utviklinga innanfor autonomi til sjøs.
Marte Berild Hjelle - prosjektleiar for Smartare transport
– Pilotering vil måtte gå autonomigradane. I starten vil det vere autonom seilas, dokking og handtering av gangbru og lading som er aktuelt, men då med mannskap og navigatør om bord som kan gripe inn ved behov. Neste steg vil vere eit landbasert kontrollrom med navigatør som kan overvake fleire båtar, og bemanninga om bord vil kunne reduserast til ein sikkerheitsansvarleg som tar hand om passasjerane.
Regelverk
I tillegg til teknologiske løysingar og passasjersikkerheit, har prosjektet også kartlagt korleis dagens regelverk påverkar moglegheitene for å realisere sjølvkøyrande passasjerbåtar.
– Dagens regelverk er i hovudsak tilpassa menneskeleg operasjon med rom for tolking, men vi har tru på at også regleverket etter kvart vil følgje utviklinga innanfor autonomi til sjøs, seier Hjelle.
Har gjort grunnarbeidet
Eit av måla for prosjektet er å skape nærings- og kunnskapsutvikling.
– Resultata frå prosjektet og rapportane er tilgjengeleg for alle som ønsker å utvikle løysingar for sjølvkøyrande passasjertransport på sjøen. Sånn sett kan ein seie at vi har gjort grunnarbeidet, fordi vi vil at vegen skal bli enklare for dei som vil ta stafettpinnen vidare, avsluttar prosjektleiaren.
Flere forskningsartikler:
-
Nytt forskningsfartøy til Nord Universitet
ProZero Norge har overlevert en avansert 15 meter lang ProZero forskningsfartøy til Nord Universitet.
-
Vil bygge moderne, utslippsfritt, forskningsfartøy
Stortinget er bekymret for at Norge vil mangle et skip for forskning og høyere utdanning i arktiske havområder når forsknings- og undervisningsskipet «Helmer Hanssen» legger til kai for siste gang.
-
Sjøfolk er løsningen, ikke problemet
Å overlesse sjøfolk med regler og rutiner er skadelig for sikkerheten til sjøs. Vi må våge å stole langt mer på den menneskelige intuisjonen.
-
Teknologi for et bedre samfunn
Hvordan ville et utslippsfritt fiskefartøy sett ut? Teknologien finnes allerede, men det gjenstår fortsatt utfordringer som må løses.
-
Skal få fortgang på den grønne omstillingen av maritim sektor
Vard har sammen med 12 forskningsinstitutt og rundt 50 industripartnere fått midler fra Norges forskningsråd til et nytt forskningssenter for miljøvennlig energi for å få fortgang på den grønne omstillingen av maritim sektor. FME MarTrans får mellom 120–180 millioner kroner hvert år over åtte år.
-
Har du opplevd å bli utskjelt av en sint bergenser?
Som fergemannskap risikerer du nettopp det. Ukentlig. Men, det er ikke bare bergensere som blir sinte. Dette er et problem fergemannskap i hele landet kjenner på. Spesielt utsatt er matrosene som dirigerer av- og påkjøringen. Ikke rart fergerederiene sliter med rekruttering. Kan løsningen være å automatisere av- og påkjøringen?
-
Fritidbåtplattformen: Et stort skritt mot sikrere farvann
Norge har fått sin første digitaliserte kunnskapsbase om fritidbåtsulykker til sjøs. Den vil kunne fortelle oss hvordan ulykker med fritidsbåter mest effektivt kan forebygges.