Zeabuz satsar i Søraust-Asia
Difor har dei signert ein intensjonsavtale med det globale energi- og teknologiselskapet Yinson GreenTech, og aukar satsinga på autonom maritim teknologi i Søraust- Asia.
Ambisjonen er å auka satsinga, men òg å identifisera mogelgheitar for felles forsking- og utviklingsprosjekt, skriv dei i ei pressemelding.
I pressemeldinga peikar dei på at dei har ein skalerbar, sertifiserbar og kombinerbar autonomiplattform, som vil styrkja sikkerheita og effektiviteten i dei maritime operasjonane.
Dette vil òg mogleggjera mobilitetskonspet med redusert mannskap, skriv dei.
- Me ser fram til å samarbeida tett med Zeabuz om å innlemma deira toppmoderne autonome løysingar i våre elektriske fartøy, og bruka desse teknologiane for å auka sikkerheiten og effektivitetsnivåa til flåten. Å slå seg saman med Zeabuz kan akselerera introduksjonen av autonome løysingar over heile Søraust- Asia og betra maritime tenester, seier administrerande direktør i YGT, Eirik Barclay.
Ikkje uventa er også Zeabuz nøgd med samarbeidet.
- Me er glade for å jobba med YGT for å tilby vår autonome teknologi til eit breiare spekter av fartøy. Vår autonome teknologi er eigna for både nye design og ettermontering av eksisterande fartøy, og kan løysa ut eit stort forrettningspotensial for maritime operatørar. Dette partnarskapet vil bringa vår banebrytande teknologi inn i den rask veksande marknaden i Singapore og Asia, og vil hjelpa oss med å utvida vår rekkevidde for tryggare, meir berekraftig og meir fleksible maritime tenester, seier administrerande direktør og medgründer av Zeabuz, Erik Dykoren.
Sjøvegen til berekraftig vekst
Saman med Torghatten lanserar Zeabuz verdas første sjølvkøyrande ferje i Stockholm juni 2023. Ferjene skal vera heilelektriske.
I pressemeldinga sparar dei ikkje på lovorda, og hevdar at dette kan vera første skritt mot eit nytt, urbant mobilitetskonsept som kan forandra korleis me planlegger offentleg transport i framtida.
- For å løysa verdas transportbehov og klimakrisa må me utnytta vassvegar for mobilitet og gjera sjøtransporten meir effektiv og fleksibel. Autonome ferjer gjer dette mogleg på ein miljømessig og økonomisk berekraftig måte. Det er ein grøn revolusjon me no startar i Stockholm- og me er klare til å ta neste steg vidare til andre byar og regionar i verda, seier Dyrkoren.
Les også:
-
Nye partnere til bybåtprosjektet i Haugesund
Haugesund kommune har inngått intensjonsavtale med tre nye partnere til forskings- og utviklingsprosjektet «Utslippsfri autonom bybåt». Målet er oppstart av rute og testing av teknologi fra høsten 2025.
-
Korleis går det med verdas første autonome passasjerferje?
Skipsrevyen har vitja Stockholm for å sjå korleis det har gått med MF «Estelle».
-
«Estelle» er verdens første på mange punkt - no er ho sjøsett og døypt
MF «Estelle» hadde 8. juni verdspremiere.
-
Ship of The Year 2023 - Her er de nominerte
Juryen i Ship of The Year har valgt ut de tre nominerte fartøyene etter at Skipsrevyens lesere har sendt inn en rekke forslag. Nå kan du stemme på din favoritt.
-
Har starta testing av den autonome ferja
Alt skjer virtuellt.
-
Skal vera først med kommersiell autonom ferjedrift
Reiarlaget Torghatten og autonomileverandør Zeabuz står bak det nye prosjektet til Brødrene Aa.