
Vil ikkje kjøpe inn ny ferje på Brattvåg-Dryna
Regulariteten i sambandet Brattvåg-Dryna blir ikkje vesentleg betre av å byte ut MF «Haram» med eit nyare hovudfartøy. Fylkeskommunedirektøren innstiller på å ikkje utløyse opsjonen i den noverande kontrakten.
Samferdselsutvalet bad i september i fjor fylkeskommunedirektøren gå i forhandling med Torghatten Nord for å avklare kostnadar og leveringstid på eit fartøy bygd etter 1992 på sambandet Brattvåg-Dryna. Fylkeskommunen har ei kontraktsfesta moglegheit til å bestille eit nyare fartøy i ferjesambandet Brattvåg-Dryna, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på eigne sider.
Etter forhandlingar med reiarlaget Torghatten Nord, kjem fylkeskommunedirektøren no med sine vurderingar:
Å utløyse opsjonen, som gir FRAM rett til å bestille eit nyare fartøy, vil årleg koste 4,8 millionar kroner meir enn i dag. Krav til leveringstida er innan 36 månadar, noko som betyr seinast mai 2028.
Torghatten Nord har tilbydd to konkrete fartøy, men ved det eine er det atterhald i tilbodet, mens det andre fartøyet er for djupt til å kunne anløpe Dryna ferjekai.
I saksframlegget til samferdselsutvalet skriv fylkeskommunedirektøren at det har vore sterk misnøye frå både innbyggarar og næringsliv til hovudfartøyet MF Haram, som er bygd i 1979.
Fylkeskommunedirektøren skriv at "av avgangane som ikkje har blitt gjennomført med ferje er det få som skuldast tilstanden på hovudfartøyet MF «Haram»." Og med bakgrunn i årsakene til innstillingar i sambandet, kan ikkje fylkeskommunedirektøren sjå at regulariteten i sambandet skal kunne bli vesentleg betre av å byte ut MF «Haram» med eit nyare hovudfartøy.
Fylkeskommunedirektøren skriv til slutt at med bakgrunn i den økonomiske situasjonen som fylkeskommunen er i vil ikkje fylkeskommunedirektøren tilrå at opsjonen på 1992-fartøy løysast ut.