Statsbudsjettet:

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Halverer ferjekostnadene

- Vi sørgjer no for at ferjetakstane blir halverte, og innfører gratis ferje til øyar og samfunn utan veg til fastlandet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Publisert Sist oppdatert

Som ein del av budsjettframlegget for 2023 foreslår regjeringa å bruke 420 millionar kroner til gratis ferje og til å redusere takstane til 50 prosent samanlikna med takstane 1. januar 2021. Dette kjem i tillegg til dei midlane som allereie blir brukt i dag til reduserte ferjetakstar.

Om lag 290 millionar av desse kronene går til fylkesvegferjene, som blir fordelte over rammetilskottet over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Enklare å bu i distrikta

– Vi ønskjer å gjere det enklare å bu i distrikta. Det er viktig for denne regjeringa. For mange er ferja livsnerven i samfunnet. No foreslår vi altså å halvere takstane og å utvide ordninga med gratis ferjer. Det er eit viktig tiltak for å lette kostnadene for innbyggjarane, seier samferdselsministeren.

Takstendringane skal etter planen bli innførte 16. august 2023.

Oversikt over dei ferjene regjeringa legg til rette for å gjere gratis:

Fylke Samband
AgderLaunes - Kvellandstrand
Møre og RomsdalAukra - Hollingsholmen
Møre og RomsdalBrattvåg - Dryna
Møre og RomsdalEdøya - Sandvika
Møre og RomsdalSolholmen - Mordalsvågen
NordlandFestvåg - Misten
NordlandForøy - Ågskardet
NordlandHorn - Andalsvåg
NordlandSandnessjøen - Dønna - Løkta
NordlandSøvik - Herøy
RogalandMekjarvik - Kvitsøy
RogalandVassøy
Troms og FinnmarkStornes - Bjørnerå
TrøndelagLevanger - Hokstad
TrøndelagØlhammeren - Seierstad
VestlandKrokeide - Hufthamar