328 millionar kroner til tiltak i farvatnet
Regjeringa vil vidareføre tilrettelegginga for sjøtransporten gjennom utbetringar i farvatnet, og gjer framlegg om å løyve 328 millionar kroner til større tiltak i farvatnet.
- Regjeringa er opptekne av tryggleik og rettferdig fordeling, å legge til rette for ein effektiv og trygg sjøtransport og å sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn. Derfor prioriterer regjeringa utbetringar i farvatnet som reduserer faren for ulykker, gir betre framkome for skipstrafikken og reduserer seglingsdistanse, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Neste år vil Kystverket gjennomføre utbetringar i farvatnet ein rekke stader langs kysten, frå Hammerfest i nord til Kragerø i sør.
Tar tilbake ansvaret for fiskerihamnene
Regjeringa er òg i gang med å ta over ansvaret for fiskerihamnene frå fylkeskommunane.
- Statleg ansvar for fiskerihamnene er viktig for å sikre utviklinga av marine næringar og fiskeriavhengige kystsamfunn. Vi ønsker å kunne realisere fiskerihamneprosjekt så raskt som mogeleg, men eit betydeleg arbeid med utgreiingar står att. Vi har allereie i 2022 auka løyvingane til planlegging av fleire fiskerihamnetiltak, og dette vil vi halde fram med i 2023, seier Skjæran.
Gjeninnføring av statleg ansvar for fiskerihamnene skjer i dialog med fylka, og det er semje mellom staten og fylkeskommunane om prinsippa for ei tilbakeføring av ansvaret for fiskerihamnene frå fylka til staten.