2,6 milliardar kroner til klimaprosjektet Langskip
Regjeringa foreslår ei løyving på 2,6 milliardar kroner i 2024 til framleis satsing på Langskip, fullskalaprosjektet for CO2-handtering i Noreg.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Regjeringa.
Byggeprosjekta hos Heidelberg Materials og Northern Lights er meir enn halvvegs ferdige og er forventa å vere i drift frå 2025. Regjeringa foreslår også ei løyving på 90 millionar kroner til drift av Teknologisenter Mongstad (TCM).
– Langskip er det største klimaprosjektet i norsk industri nokosinne, og det er viktig for å utvikle ei komplett verdikjede for CO2-fangst og -lagring i Noreg og internasjonalt. For å nå måla i Parisavtalen er verda heilt avhengig av at vi lykkast med dette, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Rapportane til FNs klimapanel og det internasjonale energibyrået (IEA) viser at CO2-handtering må til for å nå det langsiktige balansemålet i Parisavtalen. Noregs arbeid med CO2-handtering handlar derfor om å vidareutvikle teknologi og bidra til kostnadsreduksjonar. Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg, og leggje til rette for kunnskap og kostnadsreduksjonar for seinare prosjekt. Langskip kan også leggje til rette for industri- og næringsverksemd i Noreg.
Over halvvegs med prosjekta
Langskip omfattar CO2-fangst på sementfabrikken til Heidelberg Materials (tidlegare Norcem) i Brevik og på avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Oslo Celsio, og transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen ved Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, TotalEnergies og Shell. Hafslund Oslo Celsio har mellombels sett prosjektet på Klemetsrud på vent. Regjeringa vil vurdere prosjektet til Hafslund Oslo Celsio når selskapet har lagt fram eit modent prosjektgrunnlag.
– Byggjeprosjekta til Heidelberg Materials og Northern Lights er over halvvegs, og det er inspirerande å sjå at vi snart er i mål med utbyggingsfasen. Noreg er verdsleiande på CO2-fangst og -lagring, og har lang fartstid med meir enn 27 års erfaring med sikker lagring av CO2 på norsk sokkel. Det er eit mål for oss at kompetansen skal kome norsk industri, samfunnet og næringslivet til gode, seier Aasland.
Lagerinfrastrukturen blir bygd ut med kapasitet som kan nyttast av fangstprosjekt i andre land. Nye anlegg i Europa og elles i verda er ein føresetnad for at CO2-handtering skal bli eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak. Restkapasiteten i lageret skal nyttast av tredjepartar som ikkje den norske staten finansierer direkte.
Større bidrag frå industrien til Teknologisenter Mongstad (TCM)
Driftsavtalen for Teknologisenter Mongstad (TCM) går ut 31. desember 2023. Gassnova SF forhandlar på vegner av staten med dei industrielle eigarane, Shell, Equinor og TotalEnergies, om vidareføring av drifta. Regjeringa legg til grunn at utgiftene til staten skal reduserast i 2024, ved at dei industrielle eigarane bidreg til å dekke ein større del av driftsutgiftene eller at brukarbetalinga blir auka.
– Teknologisenter Mongstad er verdas største og mest fleksible testanlegg for CO2-fangstteknologi. TCM har vore avgjerande for utviklinga av Langskip og den aukande kommersielle interessa for CO2-fangst internasjonalt. Med budsjettforslaget legg vi til rette for vidare drift med lågare statleg eigardel, seier Aasland.