Statsbudsjettet:
25 millionar til senter for beredskap på Fiskebøl
Regjeringa foreslår å setje av 25 millionar kroner til vidare forprosjektering av test- og treningssenter for beredskap mot akutt forureining på Fiskebøl.
Senteret skal mellom anna innehalde eit innandørs klimaregulert basseng, fire utandørs strandbasseng sprengt ned i fjellgrunnen og fasilitetar for dispergering og brenning av olje. Regjeringa har vurdert nedskalert utbygging og oppdaterte kostnadsanslag for ei etablering i Horten, og har konkludert med at den beste løysinga er å gå vidare med ei trinnvis utbygging av det opphavleg planlagde senteret på Fiskebøl.
– Regjeringa er opptekne av å styrke oljevernberedskapen i nord og vil vidareutvikle teknologi for beredskap mot akutt forureining som er tilpassa bruk i arktiske områder. Derfor vil vi gå vidare med å etablere testfasilitetar for tiltak mot akutt forureining på Fiskebøl. Etableringa av dette senteret blir ei stor investering for framtida. Vi har no gjennomførd ei ekstra gjennomgang for å sikre på at alle steinar var snudd, og eg er trygg på at vi har landa på den beste løysinga med full etablering på Fiskebøl, seier Bjørnar Skjæran.