Fra venstre: Torben Gregersen, Zeppelin-CAT, Torben Tæstensen, DPS/OMT og Hallvard L. Slettevoll, STADT

STADT og CAT går sammen

STADT AS i Gjerdsvika har inngått eit strategisk samarbeid med den europeiske giganten Zeppelin Power Systems - den største forhandlaren av Caterpillar-aggregat i Europa.

Samarbeidet fokuserer på utvikling av framtidsretta elektriske framdriftsløysingar for både kommersielle og militære skip, med mål om å leie den maritime industrien mot ei meir berekraftig og effektiv framtid.

Fordelar for skipsindustrien

Dei to selskapa tek sikte på å levere skalerbare løysingar som passar for alle typar skip, uavhengig av storleik og bruk.

– STADT sin teknologi sikrar låg støy, minimalt vedlikehald, og eliminerer elektromagnetisk støy, noko som er svært viktig i maritime miljø. Dette vil også bidra til det dei kallar "stealth"-drift, der skip kan operere stille og nesten usynleg for ytre påverknader, heiter det frå Gjerdsvika-bedrifta.

CATERPILLAR sine nyutvikla motorar, designa for metanol som framtidig drivstoff, vil saman med STADT sin teknologi gi høg framdriftseffektivitet med minimalt drivstofforbruk , skriv dei.

STADT er kjent for sin teknologi innan elektrisk framdrift, spesielt den patenterte AC VariGrid™- Lean Propulsion teknologien. Denne teknologien vert no kombinert med Zeppelin-CAT sine avanserte generatorar for å skape løysingar som skal redusere både drivstofforbruk og utslepp. Dei nye løysingane lovar også betydelege kutt i driftskostnadane for skipsreiarlag, med ein estimert reduksjon på mellom 30 og 35 prosent over eit skips levetid, opplyser selskapa i ei pressemelding.

Stor internasjonalt interesse

– Vårt samarbeid markerer eit viktig steg framover innan marin framdrift. Ved å kombinere vår ekspertise kan vi levere fleksible, effektive og miljøvennlege løysingar som er klare til å møte framtidige krav frå skipsindustrien.

Med Caterpillar sit store internasjonale nettverk av distributørar, åpnar dette for nye betydelege forretningsmulegheiter serier Direktør Hallvard Slettevoll i STADT-gruppa.

– Dette gir store ringverknader for STADT både på militær og sivil shipping, seier han.

 Lars Voigt Djelert, dagleg leiar for Zeppelin Danmark A/S Power Systems, legg til:

– Vårt samarbeid med STADT vil gi den nødvendige teknologien for å tilby eit nytt og framtidsretta elektrisk framdriftskonsept som reduserer CO₂-avtrykket og drivstoffkostnadane, og gir operasjonell fleksibilitet for både nybygg og framtidige oppgraderingar.