Karianne Torvanger var gudmor og døypte nye Skulebas. Ho er leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.

Nye «Skulebas» er døypt

Nye «Skulebas» skal erstatte den gamle «Skulebas» frå 1974, skriv Vestland Fylkeskommune på sin nettstad.

– Dette er ein ny tidsalder for oss. Den nye båten støttar alle krav til moderne teknologi. No kan vi drive med alle typar fangst etter fisk. Det er slike båtar elevane våre møter når dei kjem ut i arbeidslivet. Det er kjempeflott at fylkeskommunen ser nytteverdien av dette og satsar på ungdommen, seier Stig Oldeide som er kontaktlærar for elevane på vg2 fiske og fangst.

Nye «Skulebas» er akkurat under 500 brutto registertonn. Den er 36 meter lang og 9,5 meter brei. Den har plass til 20 personar. Måndag 21. august går jomfruturen med elevar og lærarar på akvakultur til den store årlege fiskerimessa i Trondheim.

Gudmor

Leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse, Karianne Torvanger, er gudmor for båten og døypte den ved kaia i Måløy, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga. 

Fylkesordførar Jon Askeland seier at dagen i dag er ein merkedag.

– Vi er så utruleg stolte av dykk på Måløy vidaregåande skule og fagskulen her. Her har de framleis havet som fremste identitetsberar og de utdannar kvart år framifrå fagfolk til både akvakultur og fiskeri. Og eg kan med glede melde at Måløy vidaregåande skule er den skulen i Nordfjord med høgste søkartal til dette skuleåret, seier fylkesordføraren.

Fylkesordførar Jon Askeland er stolt og glad for den nye fiskebåten til Måløy vidaregåande skule.

Kommersiell fangst

Askeland har lagt merke til at takka vere elevane på fiskeri og fangst i Måløy er det no opna for kommersiell fangst av pigghå i nordaust-Atlanteren, skriv dei. 

– Det var elevane som tok initiativ til eit forskingsprosjekt for å finne ut kor stor bestanden var blitt etter et par tiår med fangstforbod. Dei fekk med seg Havforskingsinstituttet, og det var elevane som gjennomført prøvefiske i 2021 og 2022. Resultatet er at fiskarane igjen kan levere pigghå, som er ein viktig og populær art for eksport. Forskingssamarbeidet og funna har fått stor merksemd langt utanfor landets grenser, seier fylkesordføraren.

Fylkesdirektør Rune Haugsdal likar seg i førarsetet i den nye fiskebåten.

Går på batteri og hydrogen

Fylkestinget har tidlegare vedteke å løyve 115 millionar kroner til bygginga av nye «Skulebas». Staten har og bidrege med pengar. Båten har nemleg ikkje utslepp.

Den går på elektrisk drift og hydrogen. For dette har staten betalt 12 millionar kroner i tilskot til elektrisk drift og 7,8 millionar kroner i tilskot til hydrogendrift.

– Den vidaregåande skulen og fagskulen i Måløy fortener eit nytt, moderne og framtidsretta opplæringsfartøy, som vil vere med på å rekruttere og utdanne arbeidstakarar for framtida i ein av dei viktigaste næringane i både fylket og landet. Dette er kulminasjonen av eit målretta arbeid i nye Vestland fylkeskommune for å ta vare på og styrke det marine kompetansemiljøet i Måløy.

Gudmor Karianne Torvanger på plass i den nye Skulebas.

Storsatsing på Måløy

I pressemeldinga skriv dei at fylkeskommunen satsar på Måløy.

­– Vi har satsa stort, med opprusting av skulen, planar om ny akvahall og no altså nytt opplæringsfartøy. Dette er noko av det mest framtidsretta vi kan nytte pengar på, og vi er no rusta for å vidareutvikle fiskerinæringa inn i ei ny tid med nye krav til meir skånsomme fangstmetodar, miljøvenleg framdrift, stor fleksibilitet, og ikkje minst høg grad av tryggleik for alle om bord. Dette vil vere svært viktig for rekrutteringa, seier fylkesordførar Jon Askeland.