Videoane er utradisjonelle, men skal lokka til seg kandidatar til direktoratet

Kommunikasjonsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet fekk frie tøylar. No er tre rekrutteringsvideoar sett over 300.000 gonger.

Publisert Sist oppdatert

Det byrjar med behovet for promoteringsvideoar. Tanken vart å gå i mot straumen. I staden for å skryta av seg sjølv, og kor flott arbeidsplassen er, valde dei å gå stikk motsett veg. 

- Me nyttar humor, og prøver å bruka tema ein kan kjenna seg att i og syna at det er god stemning. Det er kanskje litt uventa, vertfall med tanke på avsendar, fortel, seniorrådgjevar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet, Erlend Bjelland. 

Han er tilsette i kommunikasjonsavdelinga og har ansvar for å laga video. Der har han jobba i to år. 

- Var det dette du tenkte du skulle driva med når du starta?

- Nei, det visste eg ikkje, men eg har alltid jobba med humor og det er eg glad i. Men me lagar og seriøse ting.

Han er likevel godt nøgd med å få heilt frie tøyler, og peikar på at det seier litt om direktoratet som tillet det. Men det hadde ikkje vore mogleg utan dei tilsette sin innsats.

Seniorrådgjevar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet, Erlend Bjelland.

- Dei som er på kamera er tilsette, og er veldig flinke. Det hadde funka dårleg om dei ikkje kunne by på seg sjølv på denne måten.

- Er de redd for at nokon mistolkar videoane?

- Nei. Det vart nemnt mellom oss ein gang om folk kan mistolka det, men eg tenker at det ikkje er mogleg. Og om det er det, kanskje det er greitt at dei ikkje søkjer hjå oss. Samstundes har me “safea” på slutten av videoane med ein plakat om at dette er tull.

Sett av mange

Dei tre videoane som er lagde er sett over 300.000 gonger på ulike sosiale media plattformar. Så dei når breitt ut. Men kven vil dei ha tak i?

- Det er mange ulike stillingar, men me ynskjer å laga god stemning rundt namnet og merkevaren som Sjøfartsdirektoratet er, og gjera det til ein attraktiv arbeidsplass. 

- Kjem det fleire videoar?

- Det kjem sikkert eit par til.