25 år sidan Sleipner-ulukka
26. november i 1999 mista 16 menneske livet då hurtigbåten MS Sleipner sokk etter å ha gått på eit skjer ved Ryvarden i Vestland fylke. Ulukka sette djupe spor hjå dei råka og etterlatne og har påverka arbeidet med tryggleik til sjøs.
Konstituert sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim jobba sjølv på båt då ulukka skjedde.
– Dette var ei hending som råka oss alle. I dag går tankane sjølvsagt til dei etterlatne og dei som overlevde ulukka. Sjølv om ulukker ikkje skal skje, er det viktig å lære av dei – både store og små. Det har skjedd mykje innan tryggleiksarbeid etter denne ulukka, seier Sørheim til Sjøfartsdirektoratets eigen nettstad.
Redningsvestar og kommunikasjon
Eit av dei første tiltaka var krav om termiske redningsvestar som både sat betre på kroppen og var lettare å ta på. Etterforskinga etter ulukka avdekte at mange av vestane ikkje fungerte godt nok i vatnet. I tillegg gav dei dårleg beskyttelse i kaldt vêr.
Kommunikasjonen med passasjerar i krisesituasjonar om bord blei òg styrkt. Det blei krav om at alle hurtigbåtar skulle ha to megafonar for betre varsling av passasjerar. Nye båtar fekk dessutan krav om ferdsskrivar.
For både nye og eksisterande fartøy vart reglane for stuing og innskiping i redningsflåtar, samt naudbelysning, skjerpa.
Betre merking av farleier
Krav om passasjerteljing hadde eksistert lenge før Sleipner-ulukka, men vart innskjerpa like før ulukka. Passasjertal måtte vere tilgjengeleg også utanfor fartøyet, for eksempel ved innsending til reiarlaget. Dette tredde ikkje formelt i kraft før 1. januar 2000. Mange oppfatta nok dette som eit direkte krav etter ulukka, noko det ikkje var, men ulukka førte til auka fokus på problemstillinga.
– Dette er nokre av tiltaka som blei innført etter ulukka. I tillegg har mellom anna Kystverket arbeidd mykje med betre merking av farleier. Ei annan viktig endring kom i 2008. Då blei sjøforklaringane – med stort fokus på skuld – erstatta med Statens havarikommisjon (SHK). Kommisjonen granskar mange ulukker innanfor sitt mandat og gir viktige tilrådingar til både oss og den maritime næringa for å betre tryggleiken, seier Sørheim.
Han understrekar at Sjøfartsdirektoratet prioriterer SHK sine tilrådingar høgt og har etablert gode rutinar for å følgje opp desse.
Heile saka kan lesast på Sjøfartsdirektoratets nettsider.