Marius Engeseth Leine (34) tek over som ny CEO etter Johannes Kristian Bjøringsøy frå 1. september i år.

Marius tek over roret i Sebastian AS

Marius Engeseth Leine (34) tek over som ny CEO i Sebastian AS etter Johannes Kristian Bjøringsøy frå 1. september i år.

Bjøringsøy, mest kjent som Bassa, etablerte Sebastian i 1994, og har leia selskapet med stødig hand i ulikt farvatn i 30 år. Men no meiner han det er tid for eit skifte, heiter det i ei pressemelding.

– Eg starta Sebastian med mål om å skape ei levedyktig bedrift som skulle utgjere ein forskjell. Det har vi klart ved å spesialisere oss på dokumentasjon, analyse og testing for å verifisere og validere løysingar. Kundar har vore verft, leverandørar, reiarlag og oljeselskap. Vi har gjennom desse åra opparbeidd oss eit godt renommé over heile verda, og særleg på kvalitet og pålitelegheit. Dette gjer meg stolt. Generasjonsskifte- Men no står vi ovanfor tunge teknologiske utfordringar, spesielt innan blokkjedeteknologi, kunstig intelligens, autonome skip, cybersikkerheit og mykje anna, og eg er usikker på korleis desse faktorane vil påverke Sebastian. Derfor er det tid for generasjonsskifte der eg trekkjer meg tilbake og slepp yngre krefter til. Nokon som forstår framtida og kan lose Sebastian trygt vidare, seier Bassa engasjert og gir Marius eit fast handtrykk.

Nye høgder

Avtroppande dagleg leiar er trygg på at Marius vil ta Sebastian til nye høgder. Trass i sin unge alder har han allereie opparbeida seg 18-års erfaring i bransjen, både som maskinist og innan verftsindustrien. 

Marius Engeseth Leine.

Marius har jobba i Sebastian i snart fem år og er særs takknemleg for tilliten han no har fått.

– Eg må berre takke og bukke. Dette er enormt stort for meg og kanskje viktigast av alt, ei veldig tillitserklæring frå alle i Sebastian AS. Det å få ta over roret etter denne mannen, er ei ære. Han er svært dyktig og dedikert. Gjennom 30 år har han bygt opp denne bedrifta til å verte ein suksess, utan å miste fotfestet, fortel Marius stolt. Vekstambisjonar- Framover skal vi fortsette det gode arbeidet og levere topp kvalitet i alle ledd. Sebastian har ei avgjerande rolle i marknaden. Våre tenester bidreg til å redusere risiko for kundane våre, og her skal vi framleis vere best! 

– Samtidig må vi vere omstillingsdyktige og tilpasse oss endringane, både i eksisterande og nye marknadar. Vi ønsker blant anna å fokusere meir på det grøne skiftet og dra nytte av synergiar inn i nye område, eksempelvis oppdrettsnæringa og fornybar energi, seier den påtroppande daglege leiaren.

Marius fortel vidare at den aller viktigaste oppgåva likevel blir å framleis vere ein god arbeidsplass for selskapet sine 11 tilsette. – Utan dei hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Og fleire skal vi bli! Sebastian har eit ambisiøst mål om å fleirdoble tal medarbeidarar innan fem år. Og heldigvis blir Bassa med oss vidare!

– Ja, du blir ikkje kvitt meg så lett, smiler Bassa. 

– Men no ser eg fram mot å jobbe meir prosjektrelatert i Sebastian, og ikkje minst få meir tid til familie og hobby. Rett og slett nyte livet litt meir.